SÆRHEIM: Tore Stangeland (t.v) og Gert Ove Djupevåg satsar på rapsolje frå eit lite kontor i landbruksparken på Særheim. Dei tykkjer det er spanande med planane om kompetansesenter. (Foto: Jorunn E. Steinsland)
Store oljeplanar er i ferd med å bli realiserte frå eit lite kontor i Særheim landbrukspark. I motsetning til det ein vanlegvis forbind med olje, kjem ikkje denne frå havbotn, men frå svarte rapsfrø.
– Me håpar å starta bygging av ein pilotfabrikk her i distriktet i 2012, seier Tore Stangeland. Han og Gert Ove Djupevåg starta i det små i 2007. I 2008 oppretta dei aksjeselskapet Erapoil AS.
Selskapet arbeider fram mot miljøvennleg produksjon av rapsolje og protein, og fekk testa og verifisert metoden i slutten av fjoråret.
Målet er å produsera ei rein olje som er god både i mat og til teknisk bruk, samt protein av høg kvalitet til dyre- og fiskefôr.
– Me bruker avansert, men enkel, grønn prosess utan miljøskadelege stoff og utan restprodukt etter produksjonen, forklarer Stangeland.
Han er dagleg leiar i firmaet, som nå satsar for fullt på produkta sine.
Erapoil har fått støtte to gonger av Innovasjon Norge, til saman 550.000 kroner.
Ingen restproduktDet var heilt tilfeldig at det vart akkurat rapsolje som vart hovudsatsinga til dei to tidlegare studiekameratane frå Universitetet i Stavanger. Dei visste dei ville satsa på noko i lag, og gjennom ein kjenning til Gert Ove Djupedal i Ukraina, kom dei inn på biodiesel med rapsolje.
– Me fann fort ut at det var mange andre som kunne dette med biodiesel betre enn oss. Men me såg i den samanheng kor dårleg utnyttinga av rapsfrøa var, forklarer Stangeland, og viser bilete av restprodukt etter tradisjonell rapsoljeproduksjon.
Etter kvart har dei to utvikla ein eigen metode for bioraffinering av rapsfrø. Ein metode, som i følgje Stangeland gir ei rein, fin rapsolje og eit reint protein. Produksjonsmetoden gir ingen restprodukt. I staden har oljeproduksjonen fleire sideprodukt.
Sideprodukt– Alle sideprodukta er av høg kvalitet og gir igjen grobotn for nye produkt, seier Stangeland, og nemner protein som blant anna kan nyttast til kosttilskot til både menneske og dyr.
– Det er stor mangel på proteinråvarer. Me har fått veldig positiv tilbakemeldingar på dette produktet, seier Stangeland.
I tillegg har Erapoil utvikla eit nytt produkt: rapssirup.
– Rapssirupen kan både nyttast farmasøytisk og innan medisinsk forsking, seier Djupedal.
Eit anna sideprodukt er skallfraksjonane av rapsfrøa, som i følgje Stangeland og Djupevåg er fiber som kan nyttast i husdyrfôr og som energi.
Metodane er grundig testa og verifisert av forskarar ved eit universitet i Münster i Tyskland.
På investorjaktFør sommaren har Erapoil leigd seg inn i ein fabrikk i Bergen og skal gjera ein prøveproduksjon, som vil vera viktig i arbeidet med å få investorar med på å dra det vidare lasset. Til nå har firmaet klart seg på eigne midlar og støtta frå Innovasjon Norge.
– Det er ein lang veg frå det å villa, til det å ha investorane og fabrikk på plass, seier Stangeland.
Firmaet ser etter samarbeidspartnarar til framtidig finansiell støtte og forskingsutvikling. I tillegg jaktar dei investorar til pilotfabrikken.
Førebels har firmaet ein tilsett utanom Tore Stangeland, men Djupevåg står ikkje på lønningslista. Medan Stangeland sa opp jobben sin i Weatherford og er fulltidstilsett i Erapoil, arbeider Gert Ove Djupevåg fullt som offshore-arbeidar. To veker ute og fire veker på kontor på Særheim - på dugnad.
Når Erapoli har fått den lokale pilotfabrikken opp og gå, er planen å etablera ein fabrikk i Kaliningrad i Russland. Erapoil har allereie kontaktpersonar både på regjerings- og produksjonshald.
– Men fyrst må me få ting på plass her heime, seier Stangeland.