VIKTIG: Bibliotekarane Kristin Undheim Stangeland og Ane Undheim Brudeli og rektor Juliane Smith Wergeland meiner det er viktig at biblioteket er nær elevane. (Foto: Anne Berit Hatlem)
Tysdag gjekk Opplæringsutvalet inn for ei slik løysing, mot innstillinga til fylkesrådmannen.
ibliotekarane Ane Undheim Brudeli på Time vidaregåande skole og Kristin Undheim Stangeland og rektor Juliane Smith Wergeland på Bryne vidaregåande skule er i beste fall øvegidde, dei håpte at fylkespolitikarane ville følgt fylkesrådmannen.
- Eg trudde politikarane tenkte på elevane sitt beste, nemleg at skulebiblioteket må ligga nær elevane, seier Kristin Undheim Stangeland. - Men det skuldast kanskje at desse politikarane er ferske og ikkje har sett seg skikkeleg inn i saka?
- Må ligga nær elevaneBåde ho og kollega Ane Undheim Brudeli påpeikar kor viktig det er at biblioteket er lett tilgjengeleg for elevane.
- Biblioteket er ein sentral del av elevane sitt læringsmiljø. Til oss kjem dei for å få stoff til tema og prosjekt dei jobbar med, eller for å skaffa seg fagbøker dei treng som tillleggslitteratur. Dei jobbar og med oppgåver i biblioteket. Det er ein uformell samlingsplass som elevane brukar frå tidleg morgon til langt ut på ettermiddagen.
Skulane har fokus på lesing, og me oppmuntrar elevane til å lesa meir. Flyttar du bøkene ut av elevane sitt nærmiljø, kan det føra til at dei les mindre.
Dersom dei må på med klede og gå ut av skulen, vil det bli mykje meir tungvint. Dei flinke elevane vil alltid gå på biblioteket. Men me fryktar at andre elevar sjeldan eller aldri vil bruka biblioteket dersom dei må ut av skulen og inn i eit anna bygg.
- Elevane på Time vidaregåande er spreidde i mange bygg. Allereie i dag ser me at dei som held til lengst vekke ikkje brukar biblioteket, legg Ane Undheim Brudeli til.
Ut med ressurssenter?Rektor Juliane Smith Wergeland stiller spørsmål ved om skulen kan oppfylla intensjonane i Kunnskapsløftet dersom biblioteket vert lagt utanfor skulen.
På nye skular som Jåtten og Vågen vidaregåande bygger dei opp ressurssenter. Korleis har politikarane tenkt at det skal la seg gjera på Bryne dersom biblioteket ligg utanfor skulen?
- Eit ressurssenter består av bøker, tidsskrift, magasin, dataverktøy og alt det du finn i eit bibliotek. Du kan ikkje dela opp slike funksjonar i to ulike bygg. Politikarane kan ikkje ha vore på skular og sett korleis ting fungerer i praksis, meiner Kristin Undheim Stangeland.
Rektor tenker seg at i den nye skulen må desse funksjonane få større plass enn det har i dag.
- Ressurssenteret skal vera hjarta i skulen, i dette mest sentrale rommet skal biblioteket ligga, i nærleiken kan andre funksjonar som t.d. rådgjevar få plass, seier Juliane Smith Wergeland.
Verken ho eller dei to bibliotekarane har gitt opp håpet om å få behalda biblioteket i skulen. 27. november skal saka opp i Fylkesutvalet.
- Spennande tankeRektor Jan Ole Rød på Time vidaregåande skole er ikkje like skeptisk som kollegaen på Bryne vgs.
- Eg synest i utgangspunktet at eit kombinasjonsbiblioteket er ein spennande tanke og kan bli ei kjempegod løysing. Der vil det bli eit breiare fagtilbod for elevane. Det må vera ein gevinst i å samla elevane ved dei vidaregåande skulane, er hans argument.
Men han legg til at han ser utfordringa som ligg i at biblioteket står klart i 2010, og den vidaregåande skulen først i 2014. Skal lokala stå tomme i fire år? Uansett kan ikkje skulen avvikla sitt bibliotek.
Han ser og det betenkjelege i at elevane må ut av skulen for å gå på biblioteket.
- Forsking viser at biblioteket ikkje skal ligga langt unna skulen før elevane sviktar.