OVER 1000: Meir enn 1000 personar deltok på dei tre gudstenestene i Varhaug kyrkje julaftan.
- Besøket i Bryne kyrkje var veldig godt. Den første gudstenesta samla 370 personar og den andre samla 550 personar. Til den tredje gudstenesta, som starta klokka 17.00, kom det 300 personar, opplyser Alf Einar Weseth, kyrkjetenar i Time. Totalt var det 200 fleire som kom til gudsteneste i Bryne kyrkje i år, samanlikna med i fjor. 1. juledag var besøket på 155 personar.
1000 i Klepp- I Klepp kyrkje blei det julaftan halde tre gudstenester. Kring 1000 personar deltok, opplyser Ketil Terning, kyrkjetenar i Klepp.
Det var kring 300 som møtte fram til den første gudstenesta, medan den andre samla rundt 400 personar. Også i den siste gudstenesta var det rundt 300 som deltok. Første juledag var det i underkant av 300 personar som møtte til gudsteneste i Klepp.
- Det plar vera mange som går i kyrkja i Klepp, og me måtte setta inn ekstra stolar for at alle skulle få plass. Dei siste åra har det berre blitt halde to gudstenester i Klepp julaftan. Det har då kome så mykje folk at eg har forstått det slik at ikkje alle har fått plass. I år var det ingen som måtte avvisast, opplyser Ketil Terning.
2500 i HåTala frå Varhaug kyrkje syner at til saman 1020 personar deltok på dei tre gudstenestene julaftan. Besøket var på kring 400 personar på den første gudstenesta og kring 500 på den andre. Rundt 120 personar deltok i den tredje gudstenesta, som byrja klokka 17.00.
- Dette er som normalt. Tidlegare hadde me berre to gudstenester i Varhaug kyrkje på julaftan, og det er berre dei siste åra me har hatt gudsteneste klokka 17.00, opplyser Lars Erling Friestad, kateket og sekretær ved kyrkjekontoret i Hå.
1. juledagFriestad vil tru at talet når det gjeld deltakarar på gudstenestene julaftan, er omtrent det same for Nærbø som på Varhaug.
- I tillegg var det rundt 400 personar som deltok på dei to gudstenestene i Ogna kyrkje julaftan, opplyser Friestad til Jærbladet.
Første juledag var det rundt 300 personar som møtte fram til gudsteneste i Varhaug kyrkje.