MERKEVARE: Namnet på en nye skulen skal vera klart lenge før det skjer noko på skuletomta. Reklamemann Atle Jerstad meiner det trengst eit namn som kan byggja ein jærsk merkevare. (Foto: Ståle Madland Schjelderup)
Av Ståle Madland Schjelderup
Han har engasjert seg i debatten om namnet på den nye vidaregåande skulen på Bryne.
Ikkje før har den nye skulen på Bryne kome seg gjennom ei heller komplisert unnfanging, så pusher fylkeskommunen på for å få namn på nykomlingen på plass.
- Gjerne innan mars. Me vil unngå det Vågen vidaregåande opplevde, at namnet knapt var klart før skulen er ferdig, seier Ole Jan Olsen, som er ansvarleg for planlegginga av den nye skulen i Hetlandskvartalet.
Namn er merkevareTime kommune har alt ønskt seg namnet Bryne vidaregåande skule. I ei spørjeundersøking på nettsidene til Time vidaregåande seier 48 prosent at Jæren vidaregåande er best. Svært få fell for forslaget frå tidlegare fylkesordførar Arne Bergsaker, Arne Garborg vidaregåande skule. Time er også på veg ut som skulenamn.
I Lokomotiv Media sine nye lokale i høghuset på Bryne sit Atle Jerstad og ser ned på skuletomta. Med sitt mangeårige engasjement for å profilera jærske verksemder, oppmodar han til å tenkja nøye etter - og utradisjonelt.
- Namnet på den nye skulen vil vera med å byggja merkevaren og renomméet som skulen vil trengja i hard konkurranse med dei andre skulane langs Jærbanen, seier reklamemannen.
- Merkevarebyggjing og profilering blir viktig for skulen framover. Nå ligg både Jåttå og Vågen der med spanande tilbod. Jærbanen gjer desse tilgjengelege for elevar som mange ser heller vel seg skuleplass på Bryne.
Vidsyn vidaregåande?Jåttå vidaregåande nyttar omgrepet SVEV i profileringa si. Både som eit bilete på bygget som ligg og svevar, men óg som eit signal om å løfta seg sjølv til å sveva vidare. Ei stund vart det vurdert om skulen skulle heita Svev.
– Kva ord og omgrep kan stå godt til ein ny vidaregåande skule på Bryne?
Jerstad minner om at Jæren er prega av det opne landskapet og den jærske drivkrafta. Det er fleire Petter Smartar her enn i Hardanger.
– Vidsyn kan vera eit godt ord, men det finst heilt sikkert fleire gode. Ein kan tenkja seg omgrep som famnar det å ikkje sjå grenser, - det opne landet, fritt for stengsler, også mentalt.
Sist haust starta eit nytt skuletilbod ved Time vidaregåande skule, for ungdom som ikkje fiksar vanleg skulekvardag. Tilbodet bærer namnet Plogen. Det meiner Jerstad er eit godt døme på korleis namn kan vera med og skapa positivitet og draiv rundt ei verksemd.
– Kor viktig er diskusjonen rundt namnet på den nye skulen?– Framfor alt er det knytta mykje kjensler til namn. Når det er avgjort vil all debatt leggja seg raskt.
Likevel, ein bør tenkja etter kva ein vil at namnet skal signalisera og fortelja om skulen, seier Atle Jerstad.
Får Jerstad gjennomslag for idéane sine, vil det i alle fall sprenga grenser. Alle dei offentleg eigde vidaregåande skulane i Rogaland, med unntak av Stavanger Katedralskule, bærer stadnamn.
Det er politikarane i fylkestinget som tek den endelege avgjerda om kva skulen skal heita.
Har meiner du skulen bør heitta?
Lagt til: 25.01.2010 kl. 13:29:20
- Av ErikE
Det er klart skulen må heita Arne Garborg. Garborg var ein av dei største forfattarane landet har hatt og ville truleg vore ein av Dei fire store hadde det ikkje vore for at han skreiv på Landsmål. (Garborg var trass alt mykje større enn denne obskure Jonas Lie).
Rundt om i verda er det vanleg at vanleg at ein heidrar sine lokale storleikar med skulenamn. Dette er også på veg inn i Noreg. I Larvik opna nyleg Thor Heyerdal vgs. som er den nest største skulen i Noreg.
Lagt til: 25.01.2010 kl. 14:43:49
- Av VonZu
Det er svært lite med "Arne Garborg" som gir assosiasjoner til grensesprengende Petter Smart-virksomhet, store visjoner og pågangsmot. Da stiller "Thor Heyerdal" i en helt annen klasse.
Lagt til: 25.01.2010 kl. 19:02:54
- Av bedreviteren
Hva med Arnfinn Vigrestad vidaregåande skule? Mannen er jo sagnomsust i korridorene på geidahodne.
Lagt til: 25.01.2010 kl. 23:58:44
- Av Halfi
For det første: Er ikke så sikker på om du har rett om at Garborg hadde vært med i de fire store ErikE. Begrepet var vel et faktum før Garborg ble stor som forfatter i Norge. Dessuten er det vel Bjørnson som i dag regnes som den minst store forfatteren av de fire store og ikke Lie. Har du i det hele tatt lest noe av Jonas Lie ErikE? Garborgs storhet diskuteres vel også, men at han er den største herfra er det jo ingen tvil om. Nå får vi også et Garborgsenter i nabohuset, så jeg mener at det er viktig for den nye skolen å distansere seg litt fra Garborgsenteret, slik at begge institusjonene kan så litt bedre på egne bein så jeg er ikke enig i at navnet bør ha noe med Garborg og gjøre. Bryne videregåande skule er det beste alternativet, hvis vi ikke skal si skole som er tillat i begge målformer. Siden dette er en fykeskommunalskole så bør ikke nynorsk automatisk være betegnelsen fordi skolen ligger på Bryne.
Lagt til: 26.01.2010 kl. 00:47:06
- Av karl johnny bø
Lagt til: 26.01.2010 kl. 00:52:39
- Av karl johnny bø
ingen andre hverken før eller etter har markert jærbuen tydeligere en denne mannen. Født på en holme i frøylandsvatnet, kjempet seg gjennom livet med sverd og visdom. Ble den første viktige norske konge, regjerte med rettferd og verdighet. En ekte standhaftig jærbu.
Denne skikkelsen har budskap om heltedåd, klokskap og fremtid. Alle element en trenger på en skole for å oppmuntre til forbedring.
kjb
Lagt til: 27.01.2010 kl. 00:33:30
- Av Halfi
Et utrolig morsomt og godt forslag Karl Johnny :-)