|
|
|
|
|
Har halvert tvangsbruk
Skriv ut
Jæren DPS får Akuttpsykiatriprisen for 2010 for å unngå akutte kriser.
Publisert 27.02.2010
Brødtekst_250210jes5063
Avdelinga Kløver 2 (K2) ved Jæren distriktspsykiatriske senter på  Bryne var for få år sidan ein tung  sengepost.  Dei 12 sengene var stadig opptekne av svært sjuke pasientar, dei fleste med ulike schizofreni-lidingar og mykje  utagering. Personalet var slitne og overarbeidde.

Opp mot 70 prosent av pasientane var til ei kvar tid tvangsinnlagde. Grep måtte gjerast.

To senger
Det var i lys av desse problema, psykiater Morten Hellang  og einingsleiar Bård Bakke kom  i snakk om  noko dei  hadde høyrt i  eit foredrag.

– Eg hugsa det vart sagt at brukarane sjølv fekk bestemma når dei skulle koma, og at dette ikkje førde til misbruk, heller tvert om, fortel einingsleiar ved K2 Bård Bakke.

Foredraget han høyrde var om ei anna pasientgruppe, men Bakke og kollegaene hadde lyst til å prøva konseptet på si avdeling for å sjå om det kunne avlasta både personal og pasientar.

Det vart bestemt at to senger alltid skulle stå klare til pasientar som kjende at dei var i ferd med å bli sjuke, altså mindre sjuke pasientar. Pasientane får ikkje behandling, men er inne for å kvila seg og henta nye krefter. Dei får ein pause i frå det vanlege livet sitt.

I dag, fem år etter oppstart av det brukarstyrte tilbodet, er det 30 pasientar som har ei slik avtale med K2.

Gode resultat
Pasientane må ha hatt ei behandlingshistorie med K2, og vore innlagde her tidlegare. Ved behov får dei vera på avdelinga i inntil fem dagar. Dei fleste reiser heim igjen etter to-tre dagar.

At pasientane får styra innlegginga sjølv har gitt svært gode resultat. Bruken av tvang er meir enn halvert for denne gruppa. Pasientane kjem før sjukdommen har fått teke skikkeleg tak, og unngår ofte dei verste sjukdomsperiodane når dei får tatt det heilt med to nokre dagar på ein plass dei kjenner seg trygge.

– Me har fått hyppigare innleggingar i denne pasientgruppa, men kortare opphald. Me stiller aldri spørsmål med kvifor dei vil koma og er tilgjengelege heile døgnet. Det er godt for desse pasientane å sleppa nye legar og stadig måtte forklara korleis dei har det når symptoma byrjar å melde seg. Her kan dei alltid ta kontakt, seier Bakke.

Lagt merke til
Pasientar har fortalt at dette ekstra sikringsnettet dei to ledige sengene gir, gjer at dei ikkje blir sjuke likevel. Å vite at  plassen står klar dempar stresset når dei kjenner at dei blir  dårlegare. Dei slepp å reisa til legevakta, slepp å bli sende til nye vurderingar hjå legar, slepp å belasta familien. K2 har som oftast plass.

– Har me fullt, så ringer me opp igjen så fort me har ledig, fortel Bakke.
Avdelinga har ikkje hatt problem med misbruk av plassane.
Resultatet etter prosjektet har blitt lagt merke til.

I dag bruker Helsedirektoratet Jæren DPS som døme i møte med andre liknande senter landet rundt.

For litt over ei veke sidan var Bakke i Oslo og mottok Årets akuttpsykiatripris.
– Me får akuttpsykiatriprisen for å unngå akutte kriser, seier Bakke med eit smil.

Prisen er 10.000 kroner og eit bilete. Biletet heng allereie på veggen i daglegstova, og skal snart få selskap av ein stor flatskjerm.

– Det er viktig for oss at pasientane skal få glede av denne prisen, seier ein fornøgd  Bakke.




Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.
Annonse:
Eksterne nyheter
To småfly i trøbbel over Sola
02.09.2010 21:04
Les mer  www.tv2nyhetene.no
Norge: Sola (NTB): Stavanger lufthavn Sola ble satt i full beredskap to ganger i løpet av halvannen time da småfly meldte om problemer.
02.09.2010 21:04
Les mer  www.agderposten.no
Første flomlyskamp spilt på Bryne stadion onsdag 1.september
02.09.2010 20:54
Les mer  www.brynefk.no
To nødlandinger på halvannen time
02.09.2010 20:54
Les mer  www.aftenposten.no
Sola: To småfly med problemer på halvannen time
02.09.2010 20:38
Les mer  www.fvn.no
Front-mot-front-kollisjon på fylkesvei 44
02.09.2010 18:41
Les mer  www.nrk.no
Det går bra med den skadde 16-åringen
02.09.2010 17:45
Les mer  laagendalsposten.no
Alle hundene får nye hjem
02.09.2010 17:45
Les mer  laagendalsposten.no
Hvem var Brynes beste i august?
02.09.2010 17:05
Les mer  www.b-gjengen.com
Trekningen for G19 semi er klar
02.09.2010 15:56
Les mer  www.oddgrenland.no
TIL G19 møter Bryne i semifinalen
02.09.2010 15:43
Les mer  www.til.no
Reagerer på ulik pris for like egg
02.09.2010 13:39
Les mer  www.bondebladet.no
Reagerer på ulik avrekningspris
02.09.2010 12:08
Les mer  www.bondebladet.no
Oppsettet for junior-NM er klar
02.09.2010 11:36
Les mer  www.lsk.no
Borte bra, hjemme verst
02.09.2010 10:25
Les mer  www.sandnesposten.no