|
|
|
|
|
Vil ha trekkspel i Operaen
Skriv ut
Laurdag tok Tor-Helge Undheim frå Undheim, Gunnar Bø får Varhaug og resten av Lindesnes Trekkspillklubb turen til Oslo. Dei krev å få spela i den nye Operaen.
Publisert 17.03.2008
trekkspelnett1
I OSLO: Jærbuane Tor Helge Undheim og Gunnar Bø vil spela i den nye operaen. (Foto: Arne S. Haugen, NPK)
Førebels har dei fått tilbod om å spela på taket av Operaen under folkefesten den 2. april.

– Vel og bra, men ikkje nok. Vi skal rive ned det kunstige skiljet mellom Oslo-snobberiet og den folkelege norske kulturen ein gong for alle. Dette huset tilhøyrer heile det norske folk. Det er skattekronene våre alt saman. Vi vil inn og spela vi også, seier dagleg leiar i trekkspelklubben, Rolf «Atti» Eikaas.

- Fantastisk moro
- Det er utruleg artig å vera med i Lindesnes Trekkspillklubb, seier Tor-Helge Undheim frå Bryne og Gunnar Bø frå Varhaug. Sjølv om det er 2,5 time med bil kvar veg på øving, kvir dei seg ikkje for turane til Audnedal.

- Det musikalske og sosiale fellesskapet er eineståande, og alle dei fine konsertopplevingane og turane i inn- og utland ville me ikkje ha vore forutan, er dei to samde om.

Gunnar Bø kom med i klubben for få år sidan, medan Tor-Helge Undheim vart medlem så tidleg som i 1994. Han møtte karane frå Lindesnes på saueskiljing i Sirdal, og har vore med sidan.


Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.
Annonse: