|
|
|
|
|
Sitat skal pryda veggen
Skriv ut
Garborgsenteret og biblioteket skal ha Garborg-sitat på ytterveggen. No ber dei om forslag.
Publisert 08.02.2010
garborgsenter1
SAMLAR SITAT: Bygget som skal husa Nasjonalt Garborgsenter og Time Bibliotek er i ferd med å reisa seg. No er utstillingsleiar Gunhild Hammeraas og biblioteksjef Vidar Lund på jakt etter gode Garborg-sitat som kan pryda ytterveggen. (Foto: Åge Bjørnevik)
Tor Obrestad Torvald Tu diktsamling _Tor Obrestad
Tor Obrestad: «Takk for det siste Brev og Portrettet. Jeg synes det er godt. Det er bare disse rare fordrukne Øinene. Dem blir jeg altid trist af.»
Sigbjørn Reime
Sigbjørn Reime: «Eitt eg hugsar, som gjev meg fred: dei eldest med tida, dei unge med.»
Arnfinn Vigrestad
Arnfinn Vigrestad: «Tak ditt arbeid upp og gjer det so godt du kann; um det er lite eller stort, - gjennom det finn du livsmeining».
 Herborg Kverneland
Herborg Kverneland: «Å heller vil eg med augo sjå, enn dauv og blind gjenom verdi gå og ikkje det sanne skilja!»
privat Margrethe Ø. Orre
Margrethe Ø. Orre: «I desse heimane bur folket. Det er eit sterkt, tungt folk, som grev seg gjennom livet med gruvling og slit; putlar med jordi og granskar skrifti, piner korn av auren og von av sine draumar, trur på skillingen og trøystar seg til Gud».
- Me vil at folk flest - kven som helst - skal senda inn sine favorittsitat, gjerne med ei lita grunngjeving for kvifor dei har valt akkurat dette. Og me er på jakt etter sitat både av Arne og Hulda Garborg, seier Vidar Lund, biblioteksjef i Time.

- Sitata kan vera henta frå dikt, romanar, artiklar, kokebok, skodespel - alle tekstane som Arne og Hulda Garborg har skrive, legg utstillingsleiar Gunhild Hammeraas ved Nasjonalt Garborgsenter til.

Mange språk
Sitata skal malast på betongveggen før den gjennomsiktige stålveven som skal dekka huset blir sett opp. Arkitektane tenkte allereie på skisseplanet at det skulle vera sitat på ytterveggen. Biblioteket og Garborgsenteret har bestemt at det mest naturlege er å bruka Garborg-sitat.

- Me ønskjer å visa tilknyttinga til Garborgsenteret, men samstundes mangfaldet som finnest i eit moderne bibliotek. Derfor skal sitata omsetjast til fleire språk, seier Vidar Lund. Omsetjingane byggjer dessutan godt opp under Garborg som ein forfattar med internasjonalt perspektiv.

- Kva språk me skal omsetja til, har me ikkje bestemt enno. Me kan for eksempel ta utgangspunkt i dei største verdsspråka, eller me kan ta utgangspunkt i dei språka som er mest nytta av innvandrarar og flyktningar i Time i dag. Det kan uansett bli sitat på mange ulike språk og med mange ulike alfabet, seier Lund.

- Er det spesielle krav til sitata?

- Sidan det er begrensa med plass, må dei vera relativt korte og fyndige. Dessutan må det vera sitat som gjev meining i seg sjølv. Me kjem ikkje til å få plass til opplysningar om kor sitatet er henta frå og i kva samanheng det stod. I tillegg må det vera sitat som er varige, i og med at dei skal bli ståande mange år, seier Gunhild Hammeraas.

«Folkerøysting»
Jærbladet tar imot forslag til sitat fortløpande, og kjem til å publisera dei på nettavisa, jbl.no. Når fristen er ute skal ein jury beståande av Gunhild Hammeraas, Vidar Lund, ordførar Arnfinn Vigrestad, kulturformidlar Sigbjørn Reime og leiar i Time mållag Inger Undheim gå gjennom forslaga og koka dei ned til 15-20 aktuelle. Totalt blir det plass til seks sitat på veggen. Kva sitat det blir, skal avgjerast i ei «folkerøysting» på jbl.no.

Bygninga som skal husa nytt bibliotek og Nasjonalt Garborgsenter på Bryne begynner å ta form. Allereie i august skal nybygget, som ligg i tilknytting til høghuset, vera klart til overtaking. Biblioteket satsar på å opna i nye lokale 17. oktober.

- Tida rundt skulestart er ei travel tid for oss. Den perioden skal me ha i dagens lokale. Når det begynner å bli litt rolegare, startar me flyttinga, seier Vidar Lund.
Nasjonalt Garborgsenter har som mål å opna i januar neste år.

- Me er i gang med å laga anbodsdokument, og arbeidet med å laga utstillinga blir lyst ut på offentleg anbod om ikkje så lenge. Deretter må me ha ein dialog med aktuelle firma om når dei kan vera ferdige. Dersom det trengst meir tid, kan me ta oss det, men me reknar framleis med å opna i januar 2011, seier Gunhild Hammeraas.

Konkurranse
Alle kan senda inn sine favorittsitat av Arne eller Hulda Garborg til Jærbladet innan mandag 15. februar. Det kan gjerast via jbl.no, på mail (redaksjon@jbl.no), på faks 51 48 37 40 eller som brev (Pb 23, 4349 BRYNE).

Sitata blir publiserte på jbl.no.

 


Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.
Annonse: