|
|
|
|
|
1000 fleire får hjelp kvart år
Skriv ut
Med stort bidrag frå Jæren er dei to første nevrokirurgane utdanna i Etiopia.
Publisert 09.02.2010
Gabriel Lende Braincare Ethiopia1
STOR DAG: Dei aller første etiopiske spesialistar i nevrokirurgi er utdanna i heimlandet. Frå venstre professor Knut Wester frå Universitetet i Bergen, Abbat Sahlu, Mersha Abebe og Gabriel Lende frå Braincare Etiopia. (Foto: Steinar Sandvik)
– Det er historisk, seier Gabriel Lende frå Nærbø, som har vore ei drivkraft i arbeidet med å få til ei nasjonal utdanning av nevrokirurgar i Etiopia. Laurdag 16. januar fekk dei to første sine eksamenspapir. Frå før hadde Etiopia tre nevrokirurgar.

Behovet er ekstremt
– Det er eit lite, men viktig steg på vegen. To nye nevrokirurgar er ein auke i kapasiteten på meir enn 60 prosent, og betyr at kring 1000 fleire menneske kan få hjelp kvart år. Men me sluttar ikkje med dette. Behovet er ekstremt, seier
Gabriel Lende.

Kvart år vert det fødd mellom 9.000 og 12.000 barn med vasshovud i Etiopia. Ryggmargsbrokk er òg eit stort problem, og stadig fleire trafikkulukker og valdsskader krev behandling av nevrokirurg.

– I ein befolkning på over 80 millionar er det behov for kring 200 nevrokirurgar, seier Gabriel Lende.

Samarbeid over landegrenser
Historia om nevrokirurg-utdanninga er ei historie om engasjement og idealisme. I 2005 drog nevrokirurg Gabriel og kona Liv Kristin Samset Lende (som er sjukepleiar) til Addis Abeba for å vera med å byggja opp spesialistutdanning for nevrokirurgar - og jobba på sjukehuset der.

Jærsk engasjement
Journalist Steinar Sandvik i Jærbladet skreiv ein artikkel om saka, Ingunn Bjorland las og vart engasjert. I plassen for gåver til 60-årsdagen sin, arrangerte dirigenten for Jæren Kammerkor ein konsert i Nærbø-kyrkja til inntekt for Lende
sitt arbeid i Etiopia. Dei 100.000 kronene vart startkapitalen til stiftinga Braincare Ethiopia.

Kvart år sidan har det vore arrangert ein bygdekveld der heile inntekta går til arbeidet i Etiopia. Mellom 30 og 40 faste gjevarar bidreg kvar månad. Frå 2007 til 2009 har stiftinga bidratt med 3,6 millionar kroner som går til å dekka
løna til Gabriel Lende, og gjennom det til utdanningsprogrammet, til utstyr på sjukehuset og til å betala operasjon for fattige som ikkje har  råd sjølv.

50 år tilbake i tid
Steinar Sandvik har sidan i sommar vore styreleiar i Braincare Etiopia, og kom sundag tilbake frå eit opphald på vel ei veke i Etiopia for å delta på feiringa av at dei to første kandidatane i nevrokirurgi er ferdig utdanna i heimlandet.

– Det var ei høgtidsstund å få vera med på, det viser at det nyttar å gi bidrag, seier Sandvik.

Sterk oppleving
– Å sjå forholda på sjukehuset Black Lion var som å gå minst 50 år tilbake i tid. Sjukehuset er dårleg vedlikehaldt og manglar utstyr. Gangane var overfylte av pasientar. Her får ein ikkje innkalling til kontroll. Skilnaden er at i Norge har
me eit system, i Etiopia er det ikkje fungerande. Folk bare møter opp og ventar, ventar og ventar. Det gjeld og akuttpasientar med skader etter trafikkulukker, stikkskader eller andre valdsskader. Sjølv om dette skal vera det beste offentlege sjukehuset i Addis Abeba, er det svært primitivt i forhold til kva me er vane med, seier Sandvik.

«Nytt» sjukehus
Behandlinga fram til no har føregått på Black Lion Hospital, men i framtida vil det meir og meir skje på sjukehuset Zewditu. Renoveringa av det gamle sjukehuset er igang, og det skal utviklast til å bli eit mønstersjukehus innan nevrokirurgi (etter etiopiske forhold).

Barnekirurgi, fødestove og gynekologi kjem i tillegg. Det er eit offentleg sjukehus, eigd av bystyret og drive av Black Lion. Her trengst pengar til utstyr og behandling, så Braincare Ethiopia manglar ikkje oppgåver framover.

Utdanningsprogrammet held fram, sju-åtte kandidatar er igang med si vidareutdanning. Braincare Etiopia har ein god del pengar på fond, mellom anna ein sum som er øyremerka CT-utstyr. Sjukehuset sjølv bestemmer kva type utstyr dei treng, kvar behovet er størst. Å tilsetta ein nevrosjukepleiar kan vera aktuelt, likeins ein innan anestesi.

– Me får ta det etterkvart, me hastar langsamt, seier Sandvik og legg til: – For meg er det viktig at stiftinga har base i eit verdisyn som seier at alle menneske har like stor verdi og har rett på same behandling.
 
Kun ein brøkdel av folket har råd til å få behandling, men for Braincare Etiopia er det eit klart mål at alle, uansett kor fattige dei er, skal få koma til på sjukehuset. Pengar frå fondet går mellom anna til å hjelpa dei.
 
For eit barn med vasshovud er operasjonen livgjevande behandling. Med ein enkel operasjon, ved å legga inn eit dren i hovudert, hindrar ein at barnet vert handikappa og døyr i tidleg alder.

Etiopiarane skal sjølv overta
Liv Kristin og Gabriel Lende har tapt sitt hjarta til Etiopia, men kor lenge planlegg dei å bli i landet?

– Då me reiste, sa me at det vil ta fem til ti år å bygga opp nevrokirurgi-utdanninga i Etiopia. No har me vore her i fem år. Me får sjå. Frå første dag har eg sagt: Målet er at etiopiarane sjølve skal overta og driva utdanninga, me kan ikkje vera her for evig. Me har gitt ei hjelpande hand i starten, og me kan hjelpa sjølv om me dreg tilbake til Norge. Men det må vera deira eige for å vera berekraftig. Me kan ikkje sy puter under armane på dei, men kan kan fortsetta på støtta dei - frå
Norge, seier Gabriel Lende.
 



Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.
Annonse: