|
|
|
|
|
Ny og spennande musikkverd
Skriv ut
Fem millionar menneske bruker det lovlige alternativet Spotify.
Publisert 18.11.2009
spotify1
OPPTATT MED MUSIKK: Ungdom i dag bruker masse av tida si på musikk.
Lenge har folk lasta ned ulovleg musikk på nettet. I løpet av dei siste åra har dette blitt endå meir vanleg for ungdommar.

Den største forskjellen mellom nedlastingsprogram og Spotify er at Spotify er eit lovlig program der du lagar ein eigen brukar med passord. Då kan du høyre musikken på datamaskinen din. Du treng internett for at dette skal virke, og det vil då seie at du ikkje kan ta musikken med deg der du vil, altså på Ipod og liknande.

Det vil mange kalle eit stort minus. I motsetning til mp3, kan du lagra uendelige timar med musikk. Etter Spotify vart kjent i Noreg, har mange ungdommar slutta å bruke ulovlige program som Limewire, Bearshare og Pirate Bay.

Det fins andre program som liknar på Spotify. Platekompaniet har utvikla eit norsk program som dei har kalla for Wimp. Dette er ikkje lansert ennå, men det blir valgt ut 500 personar som får testa ut prøveversjonen.

Platesalet minkar
Spotify tilbyr også ei teneste som ikkje er mulig når du kjøper ein CD. Dei gjer deg moglegheit til å opprette egne spelelister med den musikken du likar.

Etter trenden med å laste ned musikk vart så stor, er det lett å sjå at mange artistar slit med å få selje plater. I løpet av dei siste åra har talet på plateselskap minska dramatisk. Fleire platebutikkane har lagt ned på Jæren, og mange har kritisert dette. I dag er det veldig få butikkar som sel plater på Bryne. Folk må reise heilt inn til Sandnes for å få tak i ein skikkeleg platebutikk.

Tenesta Spotify passer for alle aldersgrupper fordi du kan finne alt i frå gamle artistar som Elvis og ABBA til nyare band som Muse og Green Day. Du kan gjere over 6 millionar søk på musikk. Dette er veldig bra for eit program som er gratis og enda under utvikling.

Dei som eig Spotify treng tillating frå artistane for å legge til musikken deira. Grunnen til at dei seier ja til dette er at folk som brukar Spotify då får eit inntrykk av musikken dei spelar og vil i seinare tid kanskje kjøpe musikken.

Mange savnar framleis store verdskjende band som AC/DC, Metallica og The Beatles. Spotify gjer deg og tilbod om norsk musikk både frå noregskjende artistar og lokale band.

Utviding av moglegheiter
Spotify er eit svensk produkt som vart utvikla i 2006. Til nå er det kun seks land som har tilgang til Spotify, men dei håpar på å gjer det stort i andre land i framtida.

I tillegg til skandinaviske land har dei klart å slå igjennom i Storbritannia, Frankrike og Spania.

Eigarane av Spotify tener hovudsakleg pengar på reklamer som brukarane faktisk må høyra på. Etter ein song er ferdige kommer det ein reklame som varer i cirka eit minutt. Viss lyden blir skrudd ned stopper reklamen. For å fjerne desse reklameavbrota kostar det 99 kroner per månad.

Dette er ein måte å få brukarane til å betale pengar for tenesta. Når dette beløpet blir betalt får ein høgare og betre lyd, tilgang til spelelister utan internett og ein kan ha det på iPhonen. Dette blir kalla for Premium brukar.

Ein av dei funksjonane som Spotify har er at du kan dela spelelistene dine med andre igjennom Facebook, bloggar og andre sosiale nettsider. Når du loggar inn på brukaren din, kjem det opp artistar og album som er i slekt med den musikken du har søkt på før. Dette gir deg moglegheit til å finne nye artistar og band.



Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.
Lagt til: 18.11.2009 kl. 11:23:46
 - Av Hjelmen
Salg av musikk har vore lenge på nettet. Men det var først i år at musikken på nettet vart DRM-fri. Både tenestar som Spotify og ikkje minst iTunes er etter min meining nok for å ikkje drive med ulovleg nedlasting av musikk. Desse lovlege tenestane er rimelege i pris.

Spørsmålet er vel heller når vil dette koma for filmar og musikkvideoar? I USA og andre land har slike tenestar vore lenge. I USA kan både Netflix, iTunes og fleire andre tilby kjøp av film på nettet. Det er rart at ein ikkje arbeider med å få til eit lovverk som gjer denne prosessen enklare. Slik at ein kan få filmtenestar til Noreg også. Den finnes vel eit par tenestar i dag, men desse bruker låste systemer, og krever blant anna at ein er IE-brukar.
Lagt til: 18.11.2009 kl. 16:30:19
 - Av dirk
For at piratvirksomhet skal forsvinne må det tilbys et bedre produkt.

-Raskere nedlasting.
-DRM fritt, åpne format, tapsfritt format.
-Alt tilgjengelig fra ett sted.

Ytterligere motivasjon kan skapes med abbonnement tjenester direkte mot artist, feks. live streaming fra øvinger etc.

Likevel kommer jeg ikke til å bruke en krone på musikk eller film før bransjen slutter å bruke pengene på å saksøke vanlige folk til personlig ruin. De bør åpent beklage deres utsagn, at slik terror er gyldig taktikk for å skremme folk fra å bruke tjenester på internett.

thepiratebay.org er ikke et program, men en søketjeneste. Omtrent som google og yahoo.
Annonse:
Eksterne nyheter
Apenes oppgitt over sen direktør-jakt
09.02.2010 07:01
Les mer  www.idg.no
Datatilsynet sier nei til løypekamera
09.02.2010 04:39
Les mer  idrett.speaker.no
Behov for avtaler om elektronisk kjørebok og flåtestyring
08.02.2010 17:37
Les mer  www.elogit.no
Husk dette når du selger bolig alene
08.02.2010 16:05
Les mer  www.nettavisen.no
Datatilsynet vil slette sensitiv informasjon om barn
08.02.2010 15:56
Les mer  www.barnevakten.no
Krever to års lagring av besøkte nettadresser
08.02.2010 15:28
Les mer  www.digi.no
Pakkepris fra Viasat On Demand
08.02.2010 15:25
Les mer  www.teknofil.no
Nye løsninger for å korte ned køene
08.02.2010 14:54
Les mer  www.udi.no
Ny EU-logo for økologiske produkter er på plass
08.02.2010 13:57
Les mer  www.oikos.no
Rekk opp hånda - hvem lar seg lure?
08.02.2010 13:55
Les mer  www.blakors.no
Mindre stresset på nett
08.02.2010 10:18
Les mer  www.aftenposten.no
Datatilsynet vil slette barneinfo
08.02.2010 08:25
Les mer  www.avisa-hordaland.no
40-åringer tabber seg ut på nett
08.02.2010 08:13
Les mer  www.nrk.no
Skolen blir trolig lagt ned
08.02.2010 08:09
Les mer  avisenagder.no
Vil fjerne info om barn
08.02.2010 07:55
Les mer  www.austagderblad.no