|
|
|
|
|
Kan bli utsett til 2020
Skriv ut
Den nye vidaregåande skulen på Bryne kan verta utsett til 2020.
Publisert 04.11.2008
Det foreslår fylkesrådmannen i sitt forslag til økonomiplan.

Politikarane i Time har kjempa hardt for å få på plass ein ny vidaregåande skule på Bryne. Jubelen var stor då det vart klart at ny skule skulle stå ferdig seinast sommaren 2014. Nå kan heile prosjektet bli utsett i seks år, til 2020.

- Heller rehabilitering
Fylkesrådmann Liv Fredriksen ber i sitt forslag til økonomiplan for 2009 til 2012 fylkestinget om å vurdera om ny vidaregåande skule på Bryne kan utsetjast.

- Me ønskjer å gi plass til andre skular som treng omfattande rehabilitering. På Bryne har me skular med nok plass. Det hadde vore annleis viss det var snakk om heilt nye elevplassar, meiner fylkesrådmann, Liv Fredriksen.

Ein ny vidaregåande skule på Bryne vil koma på om lag 752 millionar kroner. 300 av desse millionane er innarbeida i den komande økonomiplanperioden.

Fylkesrådmannen er klar over at ei utsetjing ikkje vil vera eit populært vedtak, og er spent på vedtaket frå fylkestinget.

- Mi meining er at rehabilitering av eksisterande skular bør gå framfor ein ny skule. Men det kan ein jo vera einig eller ueinig i, seier ho.

Vil ikkje reforhandla
Forutsetnaden for utsetjinga er at avtalen med Time kommune blir reforhandla. Dette er i følgje ordførar i Time Arnfinn Vigrestad ikkje aktuelt.

- Me står heilt fast på dette, og har allereie begynt å bruka kommunale pengar på våre forpliktingar, seier Vigrestad, og poengterer at det trass alt bare er eitt år sidan avtalen vart underskriven.

- Skulle skulen bli utsett til 2020, er eg redd det ikkje blir noko av heile prosjektet, seier han.

Ordføraren vel likevel å ikkje vera pessimistisk.

- Eg går ut i frå at fylkespolitikarane ikkje vil springa i frå ei inngått avtale. Dette skal me fullføra, slår Vigrestad fast.

Må prioritera

Fylkespolitikarane Jærbladet har snakka med ønskjer å halda fast på deninngåtte avtalen med Time kommune, men kan ikkje lova noko sikkert.

- Prosessen fram til vedtaket som vart gjort om ny vidaregåande skulepå Bryne, var lang. For oss i KrF er det viktig å stå for det me harsagt, men me står framfor ei krevjande oppgåve. Den nye skulen på Bryneblir sett opp mot heilt naudsynte rehabiliteringar ved andre skular. Meskulle sjølvsagt ønskja at det var rom for alt, men det ser ikkje utfor å vera det, seier leiar i opplæringsutvalet Solveig Ege Tengesdal(KrF).

Pluss og minus
Venstrepolitikar Jarle Braut var ein av dei som ivra for ein nyvidaregåande skule på Bryne. Han poengterer at han framleis står fordet vedtaket som er gjort, og at det ikkje er snakk om ny skule ellerikkje, men når skulen skal byggjast.

- Me forheld oss sjølvsagt til den avtalen som er inngått med Timekommune. Ved ei eventuell utsetjing, må denne avtalen reforhandlast. Mehar så store investeringar at me må gå gjennom alle prosjekt, setja oppalle plussar og minusar og sjå på kva me kan setja på vent. Eg kanikkje her og nå svara på korleis eg vil stemma. Fyrst må eg ha samtalarmed mi gruppe og dei eg samarbeider med, seier Braut.

Både venstre og Kristeleg Folkeparti er ein del avfleirtalskonstellasjonen. Det er og Arbeiderpartiet, Senterpartiet ogSosialistisk Venstreparti.

- Ei prioritering
Høgrepolitikar Elin Hetland Mong vil og i utgangspunktet stå på det vedtaket som er gjort.

- Eg er velt som representant frå Jæren og vil sjølvsagt leggja ekstravekt på saker frå vårt distrikt, men dette vert ei prioriteringssak. Egmå sjølvsagt forhalda meg til det som mi gruppe vil gå inn for, seierho.
 


Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.
Annonse:
Eksterne nyheter
KULTURUKEN 3. - 12. september
19.08.2010 17:42
Les mer  www.ha.no
Skulestart på Bryne vgs
18.08.2010 19:30
Les mer  www.bryne.vgs.no
Rosselands-elevane samla igjen på ny skule
16.08.2010 13:41
Les mer  www.aftenbladet.no
Berga karakteren på sommarskulen
10.08.2010 19:30
Les mer  www.time.vgs.no
Tidspunkt for oppstart av nytt semester
04.08.2010 20:22
Les mer  www.minskole.no
Informasjon om berbare datamaskinar for Vg1.
03.08.2010 15:07
Les mer  www.bryne.vgs.no
Oppmøte på Bø skule mellom 17-1730 for utdeling av startnr osv. Felles avsykling til start på Garborg rundt 1730 tiden.
10.07.2010 07:50
Les mer  www.naerbo-sk.no
Sommarhelsing til heimen
28.06.2010 11:11
Les mer  www.minskole.no
Endeleg ferdig!
25.06.2010 11:37
Les mer  www.bryne.vgs.no
Stor pengegåve og ny leiar - ein merkedag for Nasjonalt Garborgsenter
17.06.2010 00:26
Les mer  www.time.kommune.no
Undheim ny dagleg leiar for Garborgsenteret
16.06.2010 22:48
Les mer  www.nm.no
Nasjonalt Garborgsenter får ei gåve på inntil 9 millionar kroner av SR-bank og Inger Undheim blir ny leiar av senteret.
16.06.2010 21:28
Les mer  www.time.kommune.no
Ein personleg og illustrert historietime
14.06.2010 10:54
Les mer  www.bryne.vgs.no
Stor interesse for sommarskule
11.06.2010 17:33
Les mer  www.time.vgs.no
Vatnet er stengt i området kring Rosseland skule
08.06.2010 19:47
Les mer  www.time.kommune.no