|
|
|
|
|
Treng jærske familiar
Skriv ut
Publisert 11.08.2009
vertsfamilie-nett2
Mange jærske elevar er med på AFS-utveklsing, men ingen jærbuar tar imot utanlandske elevar. - Grip sjansen, seier familien Paaske.

- Me ønskjer å tilby dei utanlandske elevane meir enn bare store byar. Jæren har ei fantastisk historie og ein landleg atmosfære, det er noko mange elevar ønskjer seg, seier Magnus Aase i den ideelle utvekslingsorganisasjonen AFS Norge.

I første omgang treng organisasjonen tre jærske heimar som opnar dørene for ein utanlandsk elev.

- Familien tar kontakt med organisasjonen for uforpliktande informasjon. Dei kan få besøk av ein tidlegare vertsfamilie som fortel korleis det fungerer, og dei får stilla spørsmål. Dersom familien er interesserte, arbeider me saman for å finna eleven som passar best inn i familien, forklarer Aase.

21. august landar elevane på Sola. Eit annleis år kan begynna.

Fekk sjokk
- Eg trur alle syntest det var kjekt, seier mor Ragnhild Paaske. Ho og familien husa franske Will for eit år sidan. Far Henrik Paaske nikkar:

- Spanande, utfordrande og annleis... Lærerikt. Me ser at det er mange måtar å gjera ting på.

- Til dømes då ungane skulle laga mat. Heime i Frankrike var det mora til Will som laga alt. Ungane var heilt sjokkerte over at han ikkje visste korleis han skulle kutta opp agurk, ler Ragnhild.

Snakkar norsk
Trass i merkbare kulturforskjellar lærte familien Paaske og franske Will å tilpassa seg kvarandre.

- Det er mest studenten som skal tilpassa seg familien. Det var aldri noko problem at han forsto korleis me ville ha det. Det blei forventa at han tok av tallerken etter me hadde ete, og vera med å gjera reint som dei andre familiemedlemmane, seier Ragnhild.

Den største utfordringa var språket.

- Det var å bare bruka norsk når me ikkje heilt forsto kvarandre, men mykje lærer me bare ved å vera i familien.

I følgje Paaske-familien er det ikkje nødvendig med engelsk ein gong.

- Det var ein brasiliansk gut som budde åleine hos ein einsleg mann i Skudeneshavn. Då han hadde vore i landet ein månad, snakka han norsk heilt flytande. Det var utruleg å sjå kor naturleg det var, seier Ragnhild.

- Dei som bur på gardar og slikt lærer utruleg fort det norske språket. Viss ein bare snakkar norsk til han, tar det ikkje lang tid før norsken kan bli nesten flytande, forklarer eldstedottera Mathilde (20).

Nyttige konfliktar
For at studenten skal gli naturleg inn i familien, gjeld det for begge partar å seia i frå dersom noko ikkje er som det skal.

- Når vanskelege ting trengjer seg fram, er det viktig å ta det opp sjølv om ein kanskje tenkjer at det bare er ein bagatell, tilrår Henrik.

- Det er når ein har hatt ein krangel at ein er trygge på kvarandre, då er det bra, smiler Ingeborg (18), som sjølv har vore utvekslingstudent i USA.

Mathilde supplerer:

- Konfliktar gjer at ein forstår kvarandre betre.

Opphaldet med utvekslingstudenten har utvida kontaktnettverket til familien, både i Noreg og internasjonalt.

- Ein knyter band både med studenten og familien hans i heimlandet og andre familiar i området som har utvekslingsstudentar. Det er kjempekjekt, synest Ragnhild.

Meir søndagsturar
Som einaste gut i familien var det spesielt kjekt for Magnus (15) å få ein slags storebror.

- Dei spelte playstation og gjorde brødreting, forklarer Ragnhild.

- Utviklande for barna og skjellsetjande for livet, meiner Henrik og Ragnhild, som endeleg fekk jentene sine med på tur igjen.

- Det er blitt vanskelegare å få jentene med på tur etterkvart som dei er blitt eldre, men då Will kom, var familien på søndagstur nesten kvar veke, ler Ragnhild.

Då dei reiste sørover mot Bore, kjøpte med seg egg frå ein gard langs vegen. Pengane putta dei bare oppi ei skål.

- Det syntest Will var heilt fantastisk at gjekk an. Det blei eit kultursjokk for han at bonden stolte slik på dei forbipasserande, ler Ragnhild.

- Alle kan
Eige rom, jamnaldrande barn eller velståande kjernefamiliar med kvardagar frie for utfordringar er ingen krav.

- Det finst ingen standard på den perfekte vertsfamilien. Det blir ei oppleving for studenten uansett.

Paaske-familien bur i Stavanger sentrum, men dei trur ikkje det er problem for eleven å bu på mindre tettstader og avsidesliggjande gardar.

- Ikkje køyr på han. La han sykla, vis kor bussen eller toget går. Det skal ikkje vera ein gjest som vertsfamilien står på pinne for, seier Henrik.

Då Ingeborg var utvekslingsstudent i USA var det nettopp sykkelturane åleine som var viktig for henne.

- Det å kjenna seg sjølvstendig er veldig godt for utvekslingsstudenten. Den tida eg sat aleine på sykkelen var mi tid, eg fekk oppdaga nærmiljøet på eiga hand, seier ho.

Angra aldri
Will etterlet seg eit tomrom då han reiste tilbake til Frankrike for eit år sidan.

- Det blei på ein måte noko som mangla, eit tomrom, seier Ragnhild.

- Ja, men me er framleis vener, snakkar på msn og Facebook, smiler Ingeborg.

Familien synest det er pinleg at folk ikkje er flinkare til å ta imot studentar frå utlandet.

- Eg trur mange tenkjer at me er ikkje gode nok og at det ikkje passar akkurat nå. Mora mi låg for døden den hausten Will kom. Me lurte på om me skulle sei me ikkje kunne ha han likevel, men så tok me sjansen, og det angra me aldri på. Han fekk ta del i livet vårt i glede som i sorg, seier Henrik.

- Eller at dei trur det ikkje er noko for meg, men då forstår dei ikkje kor sinnssjukt flott oppleving det er, avsluttar Mathilde.



Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.
Annonse:
Eksterne nyheter
Smørås - Voss
03.09.2010 02:20
Les mer  www.fbkvoss.no
Bad ute - bad inne
02.09.2010 22:15
Les mer  www.an.no
Flytting av Årets Unge Hotelier og Årets Unge Leder
02.09.2010 21:11
Les mer  hsmai.no
Bedriftene mer optimistiske, men bare litt
02.09.2010 18:45
Les mer  www.nt-utvikling.no
RE^1: Teppe-Jens kan ikke irettesette Teppe-Støre
02.09.2010 18:08
Les mer  forum.hegnar.no
Åpner Pilegrimssenter på Domkirkeodden
02.09.2010 17:45
Les mer  www.ostlendingen.no
Få mer ut av sydenferien
02.09.2010 17:15
Les mer  www.nrk.no
Helse, forbruk og livsstil
02.09.2010 17:06
Les mer  www.nrk.no
- Nå leier vi bil igjen"
02.09.2010 17:05
Les mer  www.boarding.no
Næringsliv mer opmitistiske på framtiden
02.09.2010 15:53
Les mer  www.trondelagsradet.no
Spar penger med YS Medlemsfordeler
02.09.2010 15:44
Les mer  www.ys.no
Kulturarvplan for Troms på trappene
02.09.2010 15:40
Les mer  www.tromsfylke.no
Har Passateiere komplekser?
02.09.2010 15:38
Les mer  forum.hegnar.no
Reiselivsklassen reiser til Boden
02.09.2010 14:35
Les mer  www.tos-mar.vgs.no
Mulighetene ved ny E16
02.09.2010 14:31
Les mer  www.hedmark.org