ISOPOR TIL INSPIRASJON: Saksbehandlar Peter Willmann i Klepp kommune viste mandag fram isopormodellar over idear for Klepp sentrum for Elfin Lea (t.h.), Solfrid Guddal Søyland og resten av formannskapet. (Foto: Åge Bjørnevik)
Ein offentleg møteplass etter sydlansk modell ved Klepp Sparebank. Ti etasjar på meieritomta. Eit høgt signalbygg der heradshuset ligg i dag. Idéane er mange – og førebels luftige – men mandag delte administrasjonen nokre tankar med politikarane i formannskapet.
– Me er heilt på forslagsstadiet. Dette er det me har tenkt så langt, men om ein månad kan det henda me har kome opp med noko heilt anna og mykje lurare, seier kommunalsjef Kåre Strand med eit smil.
Solrik møteplassOmrådet sør for Klepp Sparebank er eitt av dei kommunen har jobba ein del med dei siste par månadene. Får dei til eit makebyte av eigedom med banken, kan det kanskje lagast ein solrik møteplass der det i dag er veg og parkeringsplass.
– Solforholda er gode akkurat der, og me ser føre oss noko som liknar litt på ein italiensk piazza, der ein på fine dagar kan setja seg ned og slappa med avisa, eller drøsa med naboar og kjende, seier kommunalsjef Strand. Ei slik stad vil også styrkja opp om den nye, grøne linja opp mot gravplassen.
På den store parkeringsplassen kan det vera rom for eit hus i tre etasjar, med parkering på bakkeplan og to bebygde etasjar oppå, kanskje eit kombinert forretnings- og kontorbygg. Mellom nybygget og Block-gården, som blir næraste nabo i sør, kan det tenkjast ei ny utkjørsle til Jærvegen til erstatning for den som i dag går ut ved Klepp Sparebank.
Tankane inneber at Theodor Dahl-statuen må flyttast, men det kan truleg finnast ein stad til han på den nye møtestaden. Også eit offentleg toalett kan plasserast der, viss ein ikkje heller vil ha det busstasjonenen.
10 etasjar?Området ved meieriet blir også viktig for sentrumsutviklinga i Klepp. Kommunen vurderer no om eit eventuelt nybygg på meieritomta bør trekkjast lenger unna Jærvegen.
– Det kan ha fleire fordelar. For det første kan det gje eit romslegare inntrykk og framheva eit nybygg. Skal det byggjast eit kulturhus på staden, kan det også vera viktig å ha ein stad der ein kan setja frå seg bilen utanfor når ein skal inn og henta billettar, sa saksbehandlar Peter Willmann i formannskapet mandag.
På isopormodellen har han lagt inn eit ti etasjar høgt, trekanta bygg.
– Forma på bygget er blitt slik mest fordi det var dei isoporbitane me hadde akkurat då, seier kommunalsjef Kåre Strand til Jærbladet.
– Men me ser at denne tomta eignar seg godt dersom me vil byggja høgare enn det som har vore vanleg på Kleppe. Eit høgt hus her vil ikkje skyggja for nokon, og er dermed ikkje til ulempe for naboane, seier Strand.
Høgare heradshus?Også heradshuset kan bli høgare enn dei fem etasjane som ligg inne i gjeldande reguleringsplan.
– Dette er eit viktig hjørne i sentrum. Reguleringsplanen slår fast at det her skal byggjast eit bygg utanom det vanlege, med høg arkitektonisk kvalitet. Utbyggjar har vore i kontakt med oss om å få byggja ein del høgare på den delen av bygget som ligg nærast Jærvegen. Me synest det er ein spennande tanke å løfta ein del av bygget til sju-åtte etasjar målt frå Jærvegen, men det krevst i så fall ei reguleringsendring, seier Strand.
Kommunen ser også at det kan byggjast opp ei god siktlinje frå dette huset og heilt bort til stadion.
Mandag gav formannskapet administrasjonen fullmakt til å gå i gang med å revidera sentrumsplanen frå 2004. Kommunalsjef Strand ser føre seg at førsteutkastet kan bli lagt fram for politikarane rett over sommarferien, og at planen blir endeleg vedtatt til neste år ein gong.