|
|
|
|
|
Kjøttfe i vinden
Skriv ut
– Det må vera eit mål at me klarar å produsera vårt eige kjøt her i landet, meiner Roy Engelsvoll.
Publisert 18.05.2009
engelsvoll1
KJØRER LIMOUSIN: Roy Engelsvoll på Nærbø har drive med kjøttferasen limousin sidan midten av 90-talet. Han trivst godt saman med dei godmodige flokkdyra. (Foto: Åge Bjørnevik)
Det er reine idyllen på kjelva like aust for busetnaden på Nærbø. Sola skin og lysebrune kyr går saman med kalvane sine i ein stor flokk. Midt imellom dei går oksen Bøgvall, ein litt sjenert kar som held seg i bakgrunnen når det kjem framande til gards, men som gjer jobben sin – å laga kalvar med god kjøtkvalitet.

Roy Engelsvoll har ein flokk på rundt 80 kjøttfe av kjøttferasen limousin, både reinrasa dyr og krysningar. Det rundt 40 kalvingar årleg på garden. Nærbø-bonden begynte så smått med kjøttfe på midten av 90-talet, og driv i tillegg med gris.

– Kjøttfe er spennande og krevjande, og passar godt i kombinasjon med annan produksjon. Det tar litt tid å byggja opp ein flokk, så ein må nok vera litt sta for å få det til. Dessutan hjelper det på om ein er opptatt av avl og sal av livdyr, seier Engelsvoll.

Aukar på
Nærbø-bonden er glad for at stadig fleire startar med kjøttfe på Jæren. På eit Limousin-møte som Fatland arrangerte for eit par veker sidan, kom heile 35 produsentar. Mange av dei var nye fjes for Roy Engelsvoll.

– For ti år sidan var me berre nokre ganske få. No har eg ikkje oversikten lenger, seier Engelsvoll, som i farten reknar opp 15 bønder berre i Hå som driv med kjøttfe.

– Kjøttfeproduksjon kan passa for mange av dei som sel mjølkekvoten, men framleis sit med bygningar og grovfôrgrunnlag. Det kan også passa for folk som driv med kraftfôrkrevjande produksjon. Slik situasjonen er, med mangel på storfekjøt på den norske marknaden, bør det vera interessant med kjøttfeproduksjon, seier Engelsvoll.

– Venskapleg kniving
Det finst ulike kjøttferasar, og ti av dei har sine eigne raselag, som igjen er samla i interesseorganisasjonen Tyr.

– Det er nok litt venskapleg kniving mellom raselaga, men me har ein god tone.

Me driv trass alt i same bransjen, seier Engelsvoll.

Sjølv slår han eit slag for limousin, som er den rasen som ifølgje Tyr sine seminstatistikkar veks raskast og no ligg på andrepass bak charolais. Aberdeen angus og hereford er også store kjøttferasar.

– Limousin er ein veldig kjekk rase. Dyra har godt lynne og dei utnyttar grovfôret godt. Sjølv med hard fôring legg dei ikkje på seg feitt, berre kjøt, og dermed blir det god kvalitet på kjøtet. Levande kalvar er alfa og omega i kjøttfeproduksjon.

Limousin-kalvane er voldsomt livskraftige og ikkje så store, og dermed går fødslane stort sett greitt, seier Engelsvoll, som meiner limousin passar godt på Jæren der ein har gode beite og dermed godt høve til å driva med intensiv fôring. På stader med skrinnare beite kan andre kjøttferasar eigna seg betre.

Veks fort
Limousin-kalvane veks fort. Mange av dei blir slakta i 10-11-månadersalderen. Då er slaktevekta på 230-250 kilo.

– Slakta går til eit spesialprodukt som me kallar Limousin Unik. Det er Norsk Limousin som står bak, i samarbeid med Fatland. Alt kjøtet går no til houvdstadsregionen, der det blir selt inn mot restaurantar og gourmetmarknaden.

Men det hadde vore kjekt om me kunne ha forsynt Rogaland med dette fantastiske kjøtet også, seier Engelsvoll.

For han som bonde er denne nisjeproduksjonen interessant fordi han får ein meirpris på 12-14 kroner kiloen for kjøtet. Trass i at ammekuproduksjonen stadig blir trekt fram som ein av dei minst lønsame i norsk landbruk, meiner Engelsvoll at det er noko å satsa på.

– Økonomisk sett har nok ammekua slite med å bli synleggjort, men det er blitt betre. Særleg om ein driv med dette i kombinasjon med annan produksjon, og er aktiv med sal av livdyr, kan ein få dette til å gå rundt. Men om ein berre skal gå etter økonomien, bør ein nok heller finna noko anna å gjera, seier Engelsvoll.

Nye reglar
Jordbruksoppgjeret i fjor er truleg ein viktig grunn til den auka interessa for kjøttfe. Då opna staten for første gang for at bønder som driv mjølkeproduksjon i samdrift, kan få produksjonstilskot til kjøttfeproduksjon i dei gamle driftsbygningane som står tomme. Det er også blitt mogeleg å oppretta eit eige kjøttfe-føretak på enkeltgardar som allereie driv med mjølkeproduksjon. Kravet er at kjøttfeet skal vera av minst 50 prosent rein rase.

– Mange fjos som står tomme, kan utnyttast no. Eg trur det kjem til å bli aukande interesse for kjøttfeproduksjon i tida som kjem. Eg har også håp og tru om at det skal bli betre økonomi i ammekuproduksjonen, seier Dag Støle, fylkesleiar for kjøttfealslaget Tyr i Rogaland.

Fylkeslaget av Tyr har som mål å dobla medlemstalet og kanskje litt til, både gjennom verving av eksisterande produsentar og arbeid overfor dei som startar opp


Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.
Annonse:
Eksterne nyheter
Ærede forsamling ,
03.09.2010 02:19
Les mer  www.gartnerforbundet.no
Kjemper for arbeidsplasser i Halden
02.09.2010 20:21
Les mer  www.venstre.no
Kjemper for arbeidsplasser i Østfold
02.09.2010 20:20
Les mer  www.venstre.no
Reagerer på ulik pris for like egg
02.09.2010 13:39
Les mer  www.bondebladet.no
Einar Frogner inn i brannvernkomiteen
02.09.2010 13:14
Les mer  www.bondelaget.no
Dialog i gang om kompetansekrav i husdyrproduksjon
02.09.2010 13:12
Les mer  www.bondelaget.no
John Deere suveren på topp
02.09.2010 12:08
Les mer  www.traktor.no
Reagerer på ulik avrekningspris
02.09.2010 12:08
Les mer  www.bondebladet.no
Ny runde om oppsynsbu
02.09.2010 12:06
Les mer  www.dolen.no
Valtra blir knust av CaseIH
02.09.2010 07:36
Les mer  www.gardsdrift.no
Frykter samdriftras
02.09.2010 01:35
Les mer  www.t-a.no
Kverneland inngår allianse
01.09.2010 18:03
Les mer  www.stocklink.no
Økologiske dager i september
01.09.2010 16:30
Les mer  www.debio.no
Ny strategi for skogplanteforedling
01.09.2010 15:21
Les mer  www.regjeringen.no
Bondelaget støtter Grindalen i tomtefestesak
01.09.2010 15:06
Les mer  www.bondebladet.no