Tidlegare var det mogeleg å lasta ned direkte alle brev som ikkje var unnateke offentleghet. Etter at denne praksisen hadde fungert ei tid, vart det konkludert med at risikoen for feil og misbruk av personopplysningar vart for stor. For å sikra seg mot at personopplysningar kom på avvegar, vart derfor dokumenta fjerna frå midten av januar.
Ei slik innstramming er ikkje nødvendigvis bare av det gode. Det kan sjåast på som ein overreaksjon. Det er betenkeleg at frykt for å gjera feil blir brukt som argument for at brev utan taushetebelagte personopplysningar ikkje vert lagt ut. At offentlege dokument vert lagt ut, er med på å bidra til at prinsippet om offentlighet fungerer effektivt.
Datatilsynet applauderte derimot innstramminga. Der har dei lenge vore skeptiske til praksisen Time hadde fram til midten av januar, og som Klepp kommune stadig nyttar. Datatilsynet hevdar mange kommunar bommar stygt med kva som blir lagt ut, og at altfor mange personlege opplysningar slik kan koma på avvegar.
Saka frå Time kommune som Jærbladet omtala mandag, der namnet på ein kommunalt tilsett som har fått varsel om oppseiing vart lagt ut på den kommunale postlista, er ein slik stygg bom. Dette er sjølvsagt heilt uakseptabelt. Ikkje minst med tanke på dei innstrammingane som vart gjort i januar, er det vanskeleg å forstå korleis det kunne skje.
Datatilsynet er då heller ikkje nådige i sin kritikk og meiner det så alvorleg at det bør få konsekvensar. Kommunen vert dessutan oppfordra til å gå gjennom rutinane når det gjeld utlegging og opplæring av tilsette.
Som vanleg i alle slike saker blir det forklart med ein «menneskeleg glipp». Menneskelege glippar kan skje over alt, og sjølv om denne glippen var relativ grov, skal ein vera varsam med å retta altfor hard kritikk mot den ansvarlege for glippen.
Då er det nesten verre at opplysningane vart liggjande ute eit par dagar etter at personalsjefen i Time kommune vart gjort merksam på at opplysningane var lagt ut. Den delen av rutinane er det all grunn til å sjå nærare på.
Internett er ein reiskap som har gjort det enklare for media og publikum å få innsyn i kva som skjer i offentlege etatar. Time kommune ønskjer å framstå som ein open kommune, men er på ingen måte nokon føregangskommune når det gjeld openhet. Me vil derfor åtvara sterkt mot at denne glippen vert brukt til å stramma ytterlegare til.