Då utviklingsplanen for Jærbanen vart lagt fram i september i fjor, var det eit klart signal om at Jernbaneverket såg Jærbanen som eit satsingsområde.
Konklusjonen i det grundige forslaget til uttalelse som er utarbeidd av administrasjonen i Time er då også i det alt vesentlege positiv. Men som det blir peika på er den største utfordringa korleis dei spenstige planane skal kunna gjennomførast innan eit rimeleg tidsperspektiv.
Det er vanskeleg å tru på at eit dobbelspor til Bryne og vidare sørover gjennom Hå til Egersund kan realiserast i overskueleg framtid. Trass i gjentekne lovnader om satsing på jernbane, går det seint å få togtrafikken på rett spor. Passasjerane på Jærbanen har lært seg til å leva med innstilte tog og forsinkingar, men det er likevel paradisiske tilstandar her samanlikna med dei nærmast daglege elendighetsskildringane som kjem frå togtrafikken på Austlandet. Ein må derfor rekna med at størstedelen av investeringane i framtida blir brukt i Osloområdet.
Når Jernbaneverket i tillegg skal bruka 50 millionar kroner til utgreiing av eit framtidig lyntog, seier det seg sjølv at det er avgrensa ressursar som kan verta Jærbanen til del i åra framover.
Det er alt løyvt pengar til kryssingsspor sør for Bryne, men det vil ikkje auka frekvensen på lokaltoga sør for Ganddal. Det vil først skje nå dobbelsporet er utbygd til Nærbø i følgje utviklingsplanen.
Framlegget til høyringsuttalelsen konkluderer med at eit vekslingsspor sør for Bryne vil gjera det vesentleg rimelegare å få togfrekvens til og frå Bryne og nordover kvar 15. minutt og derfor kan realiserast langt tidlegare enn Jernbaneverkets opprinnelege planar. Dersom det er tilfelle, verkar det fornuftig å prioritera dette, iallfall for dei som ikkje skal lenger sør enn Bryne.
For det spørst om Hå er like fornøgd med ei slik løysing dersom det inneber at det kan gå endå lenger før det er aktuelt med kvartersfrekvens frå Nærbø. Her kan det fort verta ein interessekonflikt mellom Klepp og Time på den eine sida, og Hå på den andre.