|
|
|
|
|
Søppel og gjenbruk
Skriv ut
Publisert 24.07.2010
Innbyggjarane i IVAR-kommunane har kasta stadig mindre søppel dei siste tre åra. I følgje statistikk frå IVAR, gjengitt i Stavanger Aftenblad, vil gjennomsnittsinnbyggaren i kommunane i år kasta 8 kilo mindre søppel enn i fjor og heile 40 kilo mindre enn toppåret 2007. Det er ei utvikling ein også ser elles i landet.
   
Nå er det framleis slik at ein del av det søppelet som blir kasta, aldri blir registrert og derfor ikkje kjem med i statistikken. Det hamnar på private fyllingar, eller blir rett og slett dumpa i skogholt, på parkeringsplassar eller utanfor returstasjonar. Det er til dømes ikkje lenge sidan ein grunneigar i Time oppdaga at eit 20-tals bilhjul var dumpa på eigedommen.
   
Slik dumping kan aldri forsvarast, og ein må bare undra seg over kva som får folk til å oppføra seg slik. Enkelte gonger blir det nok gjort for å spara utgifter til å bli kvitt skrotet på lovleg måte.
   
Folk flest er villige til å betala for å kvitta seg med skrot og gjenstandar ein ikkje lenger har brur for. Men dersom det blir for dyrt å kjøra søppel til miljøstasjonane på Forus og Sele der ein sjølv må utføra sorteringa, kan freistinga verta for stor til å kvitta seg med avfall på billegare og mindre miljøvennlege måtar.
   
Mindre forbruk som ein følge av finanskrisa blir brukt som hovudforklaring på at mengda av søppel går ned. Men det er andre forhold som har forsterka denne tendensen. Folk flest har vorte meir miljømedvitne, og brukthandel har vorte meir populært.
   
Gjennom internett har det vorte langt enklare å finna potensielle kjøparar til gjenstandar ein sjølv ikkje lenger vil ha, men som er fullt brukande. Dei siste åra har det blitt starta stadig fleire gjenbruksbutikkar. Det er snart ikkje den tettstaden på Jæren som ikkje har minst ein gjenbruksbutikk der ein kan levera frå seg møblar, pyntgegjenstandar eller bruksting som ein ikkje sjølv lenger har bruk for, men som kan ha verdi for andre.
   
Når Fretex melder om rekordår trass i aukande konkurranse frå andre gjenbruksbutikkar, tyder det på at brukthandel har gode tider.
   
Men sjølv om tala frå IVAR viser ei gledeleg utvikling, er det stadig mykje å gå på. I gjennomsnitt kasta kvar innbyggjar i Klepp, Time og Hå 287 kilo avfall i fjor. Det er langt mindre enn innbyggjarane i dei andre IVAR-kommunane som alle har eit gjennomsnitt på over 300 kilo per innbyggjar. Eit tankekors er det også at det blir kasta 10.000 tonn spiseleg matavfall kvart år i IVAR-kommunane.
    
    


Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.
Annonse:
Eksterne nyheter
Svett start på Storscenen
02.09.2010 20:22
Les mer  www.itromso.no
Reagerer på ulik pris for like egg
02.09.2010 13:39
Les mer  www.bondebladet.no
Reagerer på ulik avrekningspris
02.09.2010 12:08
Les mer  www.bondebladet.no
Løypelabbing er nyord
02.09.2010 05:55
Les mer  laagendalsposten.no
Nytt om konkurranse, statsstøtte og anskaffelser
02.09.2010 02:09
Les mer  www.eu-norge.org
Frykter samdriftras
02.09.2010 01:35
Les mer  www.t-a.no
Mail til alle medlemmer
01.09.2010 15:17
Les mer  lauget.com
Grunnleggende tillitsmannskurs
01.09.2010 04:39
Les mer  www.avd25.no
Skambankt er
01.09.2010 01:47
Les mer  www.skambankt.com
Vil du bli støttekontakt?
01.09.2010 00:52
Les mer  www.time.kommune.no
Gjennomkjøring Jæren hausttur
01.09.2010 00:36
Les mer  www.naerbo-sk.no
Påmeldte spisesteder i Ganefart 2010
31.08.2010 22:34
Les mer  www.horecanytt.no
Forlenga uttalefrist for søknaden frå Noregs største meieri
31.08.2010 16:12
Les mer  www.fylkesmannen.no
Mjølk i Telemark inviterer til fagtur til Jæren og Agrovisjon
31.08.2010 14:28
Les mer  www.fylkesmannen.no
Litauere i fengsel etter innbrudd
31.08.2010 11:43
Les mer  www.hytteavisen.no