KULTURKVELD: Ingunn Bjorland vil fylle Nærbø kyrkje med sang og musikk på 60-årsdagen. (Foto: Steinar Sandvik)
Braincare Ethiopia er eit hjelpearbeid for å utdanne spesialistar innan nevrokirurgi i Etiopia. Liv Kristin og Gabriel Lende frå Nærbø leiar arbeidet som så vidt har kome i gang i hovudstaden Addis Abeba.
Behovet for nevrokirurgar er enormt i eit land som i dag knapt har ein einaste spesialist på dette feltet. Arbeidet skal vere særleg retta mot å hjelpe barn som lir av vasshovud og ryggmargsbrokk. Lidingane er utbreidde i Etiopia. I dag er det svært få som får skikkeleg hjelp.
Godt i gang
Liv Kristin har vore sjukepleiar ved nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland i Bergen, medan Gabriel hadde sitt arbeid som spesialist i nevrokirurgi. Tidlegare i haust reiste ekteparet frå Norge til Etiopia utan støtte frå nokon organisasjon. Arbeidet vert finansiert gjennom innsatsen frå venner og familie.
Arbeidet er knytta til eit sjukehus som vert drive av ei koreansk kyrkje. Berre kort tid etter utreisa er det mange ting som har lagt seg godt til rette. Gabriel har fått bidra med sin kunnskap og innsikt, men enno står ein del att før sjølve opptreningsprosjektet av etiopiske legar kan starte.
Lokal tilknytning
24. februar 2006 fyller Ingunn Bjorland frå Nærbø 60 år.
– Eg har lenge vore i tvil om kva eg skal gjere, seier Bjorland til Jærbladet. – Eigentleg hadde eg ikkje lyst, men venner har sagt at eg må få til noko. Så har eg kome til at eg skal ha noko likevel. Men det skal vere noko til inntekt for eit godt prosjekt.
– Eg har vore innom mange slags innsamlingsaksjonar og ulike tiltak. Neste år går TV-aksjonen til «Leger uten grenser». Eg las om Gabriel Lende i Jærbladet. Og dermed var det bestemt.
At dei ikkje har ein organisasjon eller misjon i ryggen betyr mykje for Ingunn Bjorland.
– Og så har dei lokal tilknytning. Kven kjenner ikkje til dokter Lende? Han var huslegen i min heim då eg vaks opp. Dokter Lende var farfar til Gabriel Lende. Å hjelpe dei vert noko heilt konkret, og ekstra spennande er det at det er folk herifrå. Det gjer oss meir medansvarlege, alt vert så mykje nærare.
Når Ingunn Bjorland tenkjer på prosjektet i Etiopia, kjenner ho at ho har ein verkeleg grunn for å feire. Og feiring skal det bli.
Kulturkveld
Fredag 24. februar har ho reservert Nærbø kyrkje til stor kulturkveld og konsert. Under innviinga av kyrkja stod Bjorland i spissen for framføringa av Eyvind Skeie og Sigvald Tveit sitt musikkverk «Bygg meg et tempel i verden». Då var tempelet kyrkja på Nærbø. No er det og snakk om å byggje. Denne gongen eit arbeid i Addis Abeba.
– Mykje av programmet for kvelden er alt klart, men det er og mange ting som enno ikkje er heilt avklara. Sigmund Lende, far til Gabriel, og sjølv legemisjonær frå Etiopia, stiller opp for å presentere sonen og svigerdottera sitt arbeid.
Bjorland kan fortelje om eit breitt spekter i musikalske uttrykk alt frå Georg Pollestad sine vare og stemningsfulle tonar på munnspel til rockegruppa Laymen frå Vigrestad. Sangkreftene er mange frå Håkon Bjorland Hansen, Helene Haarr til Ingvar Lygren og gruppa «I og De» frå Lyefjell. Her er heile Jæren med og tek eit krafttak for å støtte Braincare Ethiopia.
Musikarar og korps frå kyrkjeinnviinga har fått spørsmål, og Bjorland reknar med at sitt eige kor, Jæren kammerkor, er sjølvskrivne. Ho har og utfordra Sigvald Tveit som i skrivande stund held seg i Addis Abeba, til å lage noko heilt nytt til 60-årsfeiringa. Håpet er og å kunne få eit innslag frå afrikanske deltakarar.
– Alle stiller opp utan vederlag. Kvar ei krone av det som kjem inn, anten det vert inngangspengar eller reine gåver, skal gå uavkorta til Braincare Ethiopia, seier ei oppglødd Ingunn Bjorland.
BRAINCARE ETHIOPIA
• Innsamlingskonto i Sr-Bank på Nærbø med kontonummer 3295 20 76166.
• Internett: www.braincare-ethiopia.org