Utrykningspolitiet har tysdag kveld hatt laserkontroll på fv. 506 Ålgårdsvegen i Time. Politifolka skreiv ut heile 19 forenkla førelegg.

Den høgaste målte farten i 70-sona var 92 km/t. Standardførelegget for ei så stor fartsoverskriding i 70-sone er på 6400 kroner.