– 13 av truslane er til skular i vårt distrikt, opplyser stabssjef i Sør-Vest politidistrikt, Håkon Strand.

Truslane har kome både via telefon og sosiale medium og trugar med skuleskyting. Jærbladet kjenner til at både Bryne vgs og Tryggheim vgs har motteke slike truslar.

– Svært alvorleg

Til saman 190 truslar har blitt sette fram mot skular i heile landet. Dei siste truslane kom mandag og tysdag denne veka.

– Me ser svært alvorleg på sånne truslar som dette og driv både med etterretning og etterforsking for å finna ut kven som står bak, seier Strand.

Han vil ikkje gå inn i detaljane i etterforskinga, men stadfestar at mange av truslane følgjer same mønster.

– For dei som står bak så handlar dette om å skapa utryggleik og frykt blant elevar, føresette, tilsette og nærmiljø, seier stabssjefen.

Strand har god tru på at etterforskinga vil føra fram og at politiet vil finna ut kven som står bak truslane.

Kripos bistår

Sør-Øst politidistrikt har eit koordinerande ansvar i skuletrusselsakene.

– Me vurderer om det er ein fellesnemnar i dei meldingane som kjem, og det har det vore i fleire, opplyser kommunikasjonsrådgivar Torgny Alstad i Sør-Øst politidistrikt,

Kripos bistår dei ulike politidistrikta i desse sakene, men etterforskinga skjer i dei ulike politidistrikta.