Frå 12. oktober vil det gå 140 fleire bussavgangar i veka på rute 50 mellom Lyefjell og Bryne.
Rute 59, som går mellom Verdalen og Klepp stasjon vil få 95 fleire avgangar. Endringane på desse to rutene vil gjera at fleire togavgangar vil ha busskorrespondanse.
3042 fleire avgangar
Kolumbus kallar sjølv denne endringa for tidenes oppgradering av busstilbodet. Det er nemleg ikkje berre dei to bussrutene på Jæren som får fleire endringar. Totalt blir det lagt til 3042 fleire avgangar fordelt på ulike bussruter frå Rennesøy i nord til Ålgård og Bryne i sør. Endringa gjeld frå 12. oktober.
Kolumbus vil også korta ned perioden med sommarruter med ei veke skulestart-sida av sommarferien. Denne endringar vil gjelda frå og med sommaren 2021.
Ei politisk satsing
Fylkestinget vedtok denne satsinga på busstilbodet før sommaren. Fylkesordførar Marianne Chesak (Ap) var då tydeleg på at fleire bussar på desse to rutene som korresponderer med Jærbanen var viktig å få på plass.
– Å få til styrking av bussrutene er viktig for desse bygdene på Jæren, og det er viktig for at me skal kunna oppfylla målet om null vekst i biltrafikken i byområdet. Ved å gjera det mogleg for fleire på Jæren å bruka toget, reduserer me trafikken innover i byane. Så desse rutene er svært viktige av fleire grunnar, og frå politisk hald har me vore tydelege ovanfor vårt eige selskap Kolumbus at dette må på plass til hausten, sa Chesak til Jærbladet.
Særleg rutene til Lyefjell har til nå hatt store manglar – utan bussar etter 19.30 om kvelden og utan bussar på sundagar. Til og frå Kleppe/Verdalen vart busstilbodet styrka hausten 2018, då Klepp kommune gjekk inn med ein halv million kroner årleg i tre år til formålet. Men heller ikkje der er det bussar til alle tog i dag. Det vil det altså bli ei endring på nå.
Kjartan Alexander Lunde, leiar av Rogaland Venstre, opplyser at auke i ruter er blitt gjort mogleg etter at Venstre fekk gjennomslag for å gi 85 millionar kroner årleg til fleire bussavganger i Rogaland.
– Auka kjem i tillegg til 50 millionar kroner til eit billegare kollektivtilbod, legg Lunde til.