2689 jærbuar er blitt heilt utan arbeid

Klepp har flest arbeidsledige av dei tre kommunane på Jæren.

DEL

9,1 prosent av arbeidsstyrken i Klepp var meldt arbeidsledige ved utgangen av mars. Totalt betyr det 975 personar. I Time er arbeidsløysa på ni prosent, noko som betyr 930 personar.

Hå har den lågaste arbeidsløysa. I den sørlegaste jærkommunen er 7,6 prosent av arbeidsstyrken meldt arbeidsledige. Totalt betyr det 784 personar.

I tillegg til dei heilt arbeidsledige, er det også mange som er delvis ledige. Dette er folk som er delvis permitterte. Totalt er det 950 personar på Jæren som er delvis utan arbeid.

Også her er tala høgast i Klepp, med 369 delvis arbeidsledige, noko som betyr 3,4 prosent av arbeidsstyrken.

For Time er talet 311 delvis ledige (3 prosent), og for Hå er talet 270 delvis ledige, noko som betyr 2,6 prosent av den totale arbeidsstyrken.

Artikkeltags