Namn: Anne-Marie Marcher.
Alder: 80 år.
– Kva er ditt beste juleminne?
– Første sundag i advent, då eg var barn, gjekk me ned heile gata, som var julepynta og heilt toppen. Me hadde mykje slekt, som feira jul saman. Pappa var bakar og jobba på Helland. Andre sundag i advent var me der, alle saman, og bakte kaker. Det er det som står mest att for meg.
– Kva ønsker du deg til jul?
– Eg har alt eg treng, og har ingen ønske. – Det einaste måtte vera ein tur til Topp til Tå, for å få fiksa ansiktet, eller noko sånt, seier Marcher leande.
Ho kjem rett frå ein time hjå frisøren.
– Kva ser du mest fram til i jula?
– Å få omgåast med familien. Eg har veldig lite familie her, sidan eg har budd i Sverige i førti år. Barna bur i Sverige og får ikkje lov til å reisa. Men eg har ei dotter, som bur på Varhaug, som eg skal feira jul med.
– Kva skal du eta på julaftan?
– Kalkun!