Fredag kunne ein lese i Jærbladet at utbyggar S.I Prosjekt, som har tre nybygde bustader for sal ved Sporafjell i Verdalen, hadde meia ned naturleg skog i eit kommunalt friområde tilgrensande bustadene. Ved å hogge ned denne delen av skogen, opna dei utsikta for desse bustadene.

I Norge, og i verda elles, står me overfor ei naturkrise. Presset på areal er stort. Dette gjeld ikkje minst i landbrukskommunen Klepp, der omsyn til landbruk, friområde, verne- område og busettingar fører til vanskelege. Det har tidlegare vore fleire små og store kampar om arealbruk, der den kanskje viktigaste enkeltsigeren er Kleppe-tunnelen, som sparte Kleppeloen.

Den delen av skogen som blei hogga ned, hadde i tillegg til sin naturlege eigenverdi, ein verdi for helsa og trivselen til nærmiljøet i Verdalen. Ved sidan av skogen går ein sti som er ein del av ein runde merka som Verdalsrunden, som er flittig brukt, og ungar nyttar skogen til å leike og klatre. Fleire ungar skal ha vore forundra over kor klatretrea deira vart av.

All verdi av skogen når det kjem til naturleg biomangfald og for nærmiljøet blei sett til side når utbyggar S.I Prosjekt fann ut at dei var betre egna enn kommunen til å vurdere korleis skogen skulle sjå ut. Dei meiner at dei handla etter beste tru, og legger seg flat. Det er nok meir sannsynleg at dei har satsa på tilgivelse heller enn løyve, og reknar med at ei eventuell bot blir mindre enn verdiaukinga som følge av utsikta til bustadene dei skal selje.

Skogen skal førast tilbake til opphavleg tilstand heiter det. Det vil ta lang tid, fort fleire tiår, kanskje opp mot 50 år. I mellomtida forringes livskvaliteten til innbyggarane i Verdalen og det naturlege mangfaldet i skogen, medan utbyggar beriker seg sjølv.

Klepp Venstre meiner at denne saka må få strenge reaksjonar for utbyggar S.I Prosjekt AS. Den handlar ikkje berre om livskvalitet, vern av natur og friområde, men om korleis ein oppfører seg i eit samfunn, og at ein ikkje kan spekulere i regelbrot for eigen økonomisk gevinst.