Ein kan ikkje anna enn beundre Høgre for den klare og tydelege måten dei formidlar politikken sin på, seinast i saka om finansiering av ny symjehall på Bryne. Det er noko kjekt og greitt med løysinga dei promoterer: Legg ned Hognestad skule, så løyser alt seg.

Men ser ein litt nærare på premissane for løysinga deira, falmar beundringa litt. Det er nemleg ikkje alt Høgre legg fram som held vatn. Og det bør det helst gjere når ein steller med basseng og sånn.

Eg skal prøve å vere like pedagogisk som Ole Jørgen Alstadsæter var i sitt innlegg her i avisa 10. mai, og fremjar to påstandar og eit spørsmål:

  1. Høgre har dikta opp talet på 80 millionar kroner til rehabilitering av Hognestad skule.
  2. Høgre har god fantasi elles, men når dei skal tette budsjettsprekken i den nye symjehallen, er den einaste løysinga dei kjem på å legge ned Hognestad skule.
  3. Høgre trugar med eigedomsskatt dersom dei ikkje får kutte løyvinga til Hognestad skule. Men kva skjer viss budsjettsprekken i symjehallen utvidar seg endå meir? Er det andre lokalsamfunn som bør skjelve i buksene, eller får me kanskje eigedomsskatt uansett?

Eg vil i framhaldet underbygge påstandane og spørsmålet eg nettopp fremja. Då må eg dukke litt under den blanke overflata som Høgre viser fram.

Høgre påstår å kunne frigjere 80 millionar kroner til ny symjehall ved å legge ned Hognestad skule. Men kor kjem talet 80 millionar frå? I økonomiplanen har Time kommune sett av 61 millionar til Hognestad. Det talet er basert på ein rapport som Norconsult har laga. Basiskostnaden er rekna til drygt 38 millionar. Det dekkjer då prosjektering, materialar og arbeid. I tillegg la dei på 20 prosent for å

dekke uføresette kostnadar og prisvekst. Totalen til Norconsult vart med det 51 millionar. Før prosjektet gjekk til behandling i kommunestyret, la kommunedirektøren på endå 10 millionar for å vere på den sikre sida. Og det var det som vart vedtatt: 61 millionar kroner. Når Høgre no går ut med 80 millionar, har dei lagt på 20 millionar til, og kjem då opp i det doble av basiskostnaden. Det er eit tal dei har soge av eige bryst.

Høgre uroar seg for at investeringskostnadane kan verte uforsvarleg høge for kommunen i og med aukande kostnadar til symjehall. Det kan ein ha sympati med. Me veit samtidig at kommunen skal investere for 1 000 millionar kroner dei neste fire åra. Kvifor er det då berre Hognestad som får «ein rett Høgre» her? Kva med dei 940 andre millionane på investeringsbudsjettet? Meiner Høgre at alt dette er viktigare enn ein veldriven, god bygdeskule?

Verkeleg eventyrleg blir det likevel først når Høgre påstår at kommunen må skrive ut eigedomsskatt for å bevare Hognestad skule. Me som kjempar for nærskulen vår vert rett og slett stilt til ansvar for å tvinge fram den upopulære skatten. Det er faktisk ikkje greitt, Høgre! Det fantes ingen samanheng mellom eigedomsskatt og Hognestad skule før de dikta han opp. Om det er noko som pressar fram eigedomsskatt, så må det vere sprekken i symjehallen. Her passar det elles godt å skyte inn at alle eg har snakka med i Hognestadkrinsen er for ny symjehall.

Men symjehall kjem til å koste. Alt nå er overskridinga på 137 millionar. 80 av dei vil Høgre ta frå Hognestad. Men det er eit trylletal. Det er sett av 61 millionar til Hognestad. Ein kan ikkje berre blåse opp ein budsjettpost, stryke han, og så bruke «innsparinga» andre stadar. Kva skjer dersom det kjem fleire overskridingar? Eller om det kjem til andre gode prosjekt som kommunen vil investere i? Det er slett ikkje utenkjeleg viss me ser på historikken. Om Høgre sin påstand stemmer, må kommunen finansiere kvar nye investeringskrone utover «innsparinga» på Hognestad med eigedomsskatt. Hognestad skule kan nemleg berre leggast ned ein gong. Er det kanskje fleire lokalsamfunn som bør frykte sparekniven? Eller er det slik at Time kommune kan låne så mykje som helst, berre dei vert kvitt Hognestad skule? Dette forstår me ikkje.

Så, kjære Høgre. De vil vere ærlege med veljarane i valkampen. Det er nyskapande og prisverdig. Men kanskje de òg skal legge til «redelig» i setninga? De har inngått ein budsjettavtale kor det er sett av 61 millionar til Hognestad skule. Kva med å berre halde det de har lova? Å starte valkampen med eit løftebrot, er gjerne ikkje det beste utgangspunktet?