– Ulukka framstår alvorleg, skreiv Politiet i Sør-Vest i ei tidleg melding på Twitter. Ulukka vart meldt 12.44.

To personar er direkte involverte i ulukka. Dei to er føraren av ein lastebil og føraren av ein personbil.

Køyretøya møttest front til front. Ved 13.20-tida var skadeomfanget framleis uavklart, opplyste politiet.

Føraren av personbilen vart sitjande fast i bilen, og det vart arbeidd med å frigjera personen. Imens fekk personen førstehjelp.

Frakta med helikopter

Like før klokka 14 vart føraren av personbilen tatt ut av køyretøyet, og frakta til SUS av luftambulansen.

Politiet skriv på Twitter at personen er alvorleg skadd.

Til VG har operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen opplyst at det er store materielle skadar på personbilen, og at lastebilsjåføren tilsynelatende er uskadd.

– Svært glatt

– Det er svært glatt på staden. Helse driv førstehjelp på staden. Skadeomfang på involverte personer er uavklart. FV504 Buevegen blir nå stengt, og me ber om at vegfarande bruker omkøyringsvegar, skreiv politiet i ei oppdatering rett over klokka 13.

Vegtrafikksentralen Vest melder rett før klokka 14 at Fv. 504 i Time (Buevegen) truleg vil vera stengt ein i lengre periode.

Ikkje på E-39

Politiet stadfesta tidleg ulukkesstaden til Runaskaret i Bjerkreim, utan å oppgje nøyaktig stad. NRK skreiv lenge at ulukka skjedde på E39.

I ei oppdatering melde politiet at ulukka har skjedd inn frå E39, på Buevegen.

Nøyaktig stad for ulukka er seinare stadfesta til mellom Oslandsvatnet og Litlavatn, ikkje langt frå Kartavoll.