Ansiktslause monster av tastaturryttarar trur at dei har lov til å sjikanera og nedvurdera kvinner for å vera nettopp det – kvinner

Frå venstre: Elisabeth Dysjaland, Sara Frostadottir Sigmundsen, Guro Halvorseth Time, Beate Aasen Bøe, Kristin Armstrong Oma, Karen Hognestad Liland og Anja Schubert. Maren Helene Vardøy-Lie var ikkje til stades då biletet vart tatt.

Frå venstre: Elisabeth Dysjaland, Sara Frostadottir Sigmundsen, Guro Halvorseth Time, Beate Aasen Bøe, Kristin Armstrong Oma, Karen Hognestad Liland og Anja Schubert. Maren Helene Vardøy-Lie var ikkje til stades då biletet vart tatt. Foto:

Av

8. mars komiteen Bryne lister opp negative effekter av låg kvinneandel i lokaldemokratiet

DEL

MeiningarI fjor vart tradisjonen med å markera 8 mars på Bryne gjenopptatt for første gong på 19 år. Ved å gjenoppliva tradisjonen ynskja me å gje beskjed om at det enno er behov for å snakka om kvinner sine rettar, og minna om at stemmane våre er minst like viktige som menn sine.

Både appellane til sterke og modige kvinner på arrangementet og reaksjonar på lesarinnlegg viser at det framleis er viktig å fokusera på kvinnesak, og at kvinnesak ikkje berre er kvinners sak – men noko som angår alle medlemmer av samfunnet, uansett kjønn.

Me vil særskilt trekka fram avslutningsorda til politikar og stortingsrepresentant Margret Hagerup: stem fram ei kvinne! 2019 var jo nettopp val-år, og me som er engasjert i kvinnesak hadde store von om at lokalvalet 2019 skulle vera eit vendepunkt - året då Time kommune skulle få ein stor andel av kvinnelege politikarar. Det var mange kvinner som stilte til val og stod på listene og eit godt tverrpolitisk samarbeid skulle gjera Time kommune til ein meir likestilt kommune. Diverre gjekk det ikkje akkurat slik. Mange av oss stemte på kvinner, kryssa av på kvinner, og gav slengarar til kvinner. Likevel enda me opp med den skuffande situasjonen med klart fleirtal av menn både i kommunestyret og formannskapet i Time kommune, der me ikkje eingong klarer å halda 40/60-andelen av kvinner som vallova krevjer. Diskusjonen i ettertid har vore at parti må kumulere kvinner for å få dei med.

Kva er så farleg med det? – tenker sikkert mange. Viktigast med kvinneandelen er at kvinner utgjer halvparten av befolkninga og er difor berettiga til å vera med og utforma politikk, lovar, reglar og sjølvaste samfunnskontrakten, slik at kvinners røyst er med og utformar korleis samfunnet vårt skal sjå ut. Kvinner kan sjå saker frå eit anna perspektiv enn menn, og ved god kjønnsbalanse i styre og stell sørger me for betre balanse og meir variasjon i politikken, slik at samfunnet vert betre tilpassa alle borgarane.

Ved dårleg kjønnsrepresentasjon, slik som i Time kommune, risikerer me at delar av politikken der kvinner kunne gjeve eit unikt perspektiv, tapar mangfald. Denne tendensen vert diverre forsterka av at kvinnelege politikarar vert hetsa i mykje sterkare grad enn menn, og at hetsen er meir infam og ondsinna, og ofte nedgraderer dei kvinnelege politikarane fordi dei er nettopp kvinner. Kirsten Alstadsæter sitt modige innlegg i kommunestyret den 17 desember 2019, der ho kommenterte personlege, nedsetjande og trugande meldingar ho hadde fått i samband med det betente budsjettet, er diverre så altfor typisk.

Når kvinnelege politikarar mottek trugslar fordi dei er kvinner, så trugar det ikkje berre ho som er mottakar, men heile demokratiet. Fordi kven av oss vil leggja ned uttallige timar til politisk arbeid, som ofte er dugnadsarbeid, for å motta trugslar og nedsetjande, slibrige kommentarar? Kommentarar som me prøver å rista av oss, som me prøver å ikkje ta personleg, men som likevel fører til at me sjekker ein ekstra gong at døra er låst. Dei fleste vil rygga unna, og dei som taklar det, utviklar tjukk hud. Dei som ryggar unna har imidlertid óg ein stemme, dei har eit unikt perspektiv, dei har noko å fara med som kan forbetra samfunnet vårt. Kanskje ser dei noko unikt, ei smart løysing på eit komplekst problem. Men dei får aldri koma til bords med si røyst, fordi ansiktslause monster av tastaturryttarar trur at dei har lov til å sjikanera og nedvurdera kvinner for å vera nettopp det – kvinner.

Menn i ein viss aldar kjenner seg ofte offentleg krenka for å vera i ein viss aldar, mann 50+, potensielt nett-troll, og harselerer litt over kor dei har enda opp. Saker knytt til #metoo, som Weinstein-rettssaka, har frambrakt mange defansive forsøk på å vera morosam nettopp i denne aldersgruppa. Difor var det beundringsverdig då Arild Hermstad trådte til side for Une Bastholm med kommentaren: verda treng eigentleg ikkje fleire kvite, middelaldrande menn som søker makt på bekostning av dyktige kvinner. Slike menn treng me i Time kommune!

Men først og fremst treng me å skapa ein atmosfære der kvinner vert respektert på same måte som menn – der meiningsmotstandarar går på sak, men ikkje person – og iallefall ikkje kjønn. Det er nettopp dette som er føremålet med 8.mars komiteen på Bryne si markering – å skapa eit inkluderande rom der ulike kvinnestemmer vert høyrde og der det er trygt å vera kvinne som uttalar seg offentleg. Ei slik ramme vil me skapa når me inviterer alle til å feira kvinnedagen med oss, der me tek opp ulike tema som opptek, gler og utfordrar både kvinner og kvinnesaka.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags