Politiet fekk melding om ulukka 09.40.
– Personen har fått ein gjenstand i hovudet, opplyser politioverbetjent Hans Kyllingstad.
Han fortel vidare at ambulanse rykka ut og tok med seg personen til sjukehuset for sjekk.
– Det er ikkje meldt om alvorlege skader, legg Kyllingstad til.
Arbeidstilsynet er rutinemessig varsla om hendinga.