Arbeidsulukke på Varhaug: Til legevakt med kuttskadar

Ein mann har fått ei dør i hovudet.

DEL

Uhellet skjedde i ei bedrift i Møllevegen på Varhaug og vart meldt rundt 07.30 torsdag morgon. Rundt 08.00 er politi og ambulanse på staden.

Politiet opplyser at uhellet har skjedd i samband med lessing og lossing av varer. Det er ein mann i 50-åra som er skadd. Han har fått ei dør i bakhovudet. Uhellet har skjedd i samband med sterk vind.

Mannen har kuttskadar i hovudet og blir køyrt til legevakta for sjekk.

Artikkeltags