Avgiftene aukar kraftig, men Hå vil ta delar av rekninga: – Når kommunen har gått godt, skal det koma håbuen til gode
For ein gjennomsnittleg bolig i Hå kan dei kommunale avgiftene på vatn, avløp og renovasjon auka med så mykje som 34 prosent til neste år. Det til tross for at kommunedirektøren legg opp til at kommunen skal ta delar av rekninga.