Badenymfer – styr unna elva ved Refsnesstranda

IKKJE AKSEPTABELT: Elva Salteåna ved Refsnesstranda bør ikkje badast i.

IKKJE AKSEPTABELT: Elva Salteåna ved Refsnesstranda bør ikkje badast i. Foto:

Skulle det freista med eit bad, så styr unna Salteåna. Den siste målinga viser dårleg badevannskvalitet.

DEL

Hå kommune kontrollerer vasskvaliteten ved fleire av dei mest populære badeplassane i sommarhalvåret. Er det dårleg kvalitet på badevatnet, blir det sett opp skilt med fråråding mot å bada. Informasjonen finst også på nettsidene til kommunen.

29. juli vart badevasskvaliteten målt ved Ognaelva, Fuglestadåna, Rennå på Brusand, Salteåna og Stemvatnet, Sirevåg.

Salteåna ved Refsnesstranda skil seg ut med dårleg badevannskvalitet, og kommuneoverlegen frårår bading her. Alle dei andre stadene har akseptabel kvalitet.

Historikken

1. juli vart fire badeplassar testa. Alle enda opp med «Ikkje akseptabel kvalitet».

8. juli var det ny testrunde. Både Fuglestadåna, Ognaelva, Rennå og Salteåna fekk «Akseptabel kvalitet».

15. juli vart seks badeplassar testa. Stemmavatnet fekk «God kvalitet», Fuglestadåna og Brusand strand ved Rennå fekk «Akseptabel kvalitet», medan Ognaelva, Rennå og Salteåna enda opp med «Ikkje akseptabel kvalitet».

22. juli fekk både Fuglestadåna, Ognaelva, Rennå og Salteåna «Akseptabel kvalitet».

Artikkeltags