Ikkje bad i Rennå og Salteåna

Foto:

Nye målingar viser at vannkvaliteten i Rennå på Brusand og Salteåna på Refsnes, ikkje er god. Kommuneoverlegen i Hå frarår bading her.

DEL

Det går fram av Hå kommune sin regelmessige sjekk av badeplassane i kommunen. Målingane denne gongen er tekne onsdag i denne veka.

- Det vil bli sett opp skilt ved dei aktuelle badeplassane, melder kommunen på nettsida si.

Gjennom sommaren sjekkar Hå kommune kvaliteten på badevatnet ved seks utvalde badeplassar, slik at du skal vita kor det er lurt å bada.

I Stemmavatnet (Sirevåg) og Brusand Camping (i sjøen) er det målt god vasskvalitet. Ognaelva nedføre fv. 44 og Fuglestadåna ved kvernhusa har akseptabel kvalitet. I Rennå på Brusand og Salteåna på Refsnes bør ein no unngå å bada.

Artikkeltags