Bakgrunn
I løpet av 2019 og 2020 la politiet på Jæren vekk totalt 190 lovbrot på grunn av at gjerningspersonen ikkje kunne straffast. Totalt i denne perioden var det 33 moglege lovbrytarar som gjekk fri fordi dei blir rekna som strafferettsleg utilreknelege.
Personane er for sjuke til at dei kan dømast til fengsel. Samstundes er dei for friske til at dei kan leggjast inn på psykisk helsevern med tvang.
Denne problemstillinga har Jærbladet nå fokus på i ein større dokumentarserie.
Lovbrota som desse personane har gjort er stort sett ulike typar tjuverisaker samt narkotikasaker. Det kan også vera tilfelle av trugsmål og omsynslaus åtferd.
Utanom å beslagleggja tjuvegods og narkotika kan politiet stort sett ikkje gjera anna enn å sleppa gjerningspersonen fri.
Lovendring i 2016
Den einaste reaksjonen samfunnet har overfor utilreknelege personar er tvungent psykisk helsevern. Fram til 2016 var denne særreaksjonen øyremerkt strafferettsleg utilreknelege personar som hadde gjort alvorlege lovbrot som drap, valdtekt, brannstifting og grov vald.

Fire personar er knytt til 134 lovbrot i løpet av to år. Ingen av dei kan straffast
Personar som gjorde seg skuldig i mindre alvorleg kriminalitet som innbrot og tjuveri, kunne ikkje dømast til tvungent psykisk helsevern.
1. oktober 2016 trådde det i kraft ei lovendring som skulle gjera det enklare å stansa psykisk sjuke kriminelle gjengangarar.
Den nye lova seier at strafferettsleg utilreknelege personar som gjer seg skuldige i «gjentatte lovbrudd av samfunnsskadelig eller særlig plagsam art», kan dømast til tvungent psykisk helsevern.
Det er denne gruppa som vi i Jærbladet har konsentrert oss om i denne dokumentarserien. Mange av desse slit med samtidig rusmisbruk og psykisk sjukdom, dei vil seia at dei har ei såkalla ROP-liding.
Det lovtomme rommet
Denne artikkelen er ein del av ein større nyheitsdokumentar kor Jærbladet ser på problemstillinga med lovbrytarar som ikkje kan straffast. Dei er for sjuke til å kunne bli dømt til fengsel.
Kvart år legg politiet i Noreg vekk tusenvis av saker fordi gjerningspersonen ikkje er tilrekneleg. Jærbladet har avdekka at det på Jæren er blitt lagt vekk 190 lovbrot på dette grunnlaget bare i løpet av dei to siste åra.
Ei ny lov frå 2016 skulle gjera det enklare å dømma desse lovbrytarane til tvungent psykisk helsevern. Likevel har talet på saker som blir henlagt på dette grunnlaget, bare økt.
Ingen av sakene som er blitt etterforska ved Jæren lensmannskontor, har endt med dom på tvungent psykisk helsevern etter den nye lova.
I denne dokumentaren ser me på kvifor det er slik, og korleis vanlege folk blir råka av lovbrota.
Kven er personane som ikkje kan straffast? Og kva kan samfunnet gjera?
Prosjektet er gjort i samarbeid med Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) ved Universitetet i Bergen.
Her kan du lesa alle sakene som hittil er publisert i serien Det lovtomme rommet.
Framleis eit problem
Jærbladet har avdekka at det trass i lovendringa framleis er eit stort problem med lovbrytarar som ikkje kan straffast. Talet på saker som blir henlagt på dette grunnlaget, har stige jamt dei siste åra.
Ingen av lovbrota som er blitt etterforska ved Jæren lensmannskontor har endt med dom på tvungent psykisk helsevern etter den nye lova.
Det viser seg nemleg å vera høg terskel for å kunne gjera det.
Lovverket seier at det skal vera absolutt nødvendig for å beskytta samfunnet å leggja vedkomande inn med tvang, og at alle andre verkemiddel skal vera forsøkt først.

Justisministeren vil sjå nærmare på psykisk sjuke kriminelle: – Dette er krevjande
Debatt om psykisk helsevern
Samstundes går det nå føre seg ein større nasjonal debatt om psykiatri og psykisk helsevern. Dette skjer i kjølvatnet av dei tragiske hendingane i Kongsberg 13. oktober.
Hovudhypotesen til politiet er at psykisk sjukdom var bakgrunnen for dei fatale handlingane som Espen Andersen Bråthen utførte.
Spørsmål mange stiller er korleis samfunnet kan beskyttast mot sjuke personar som man fryktar kan gjera alvorlege kriminelle handlingar.
I 2017 vart terskelen for at helsevesenet kan leggja nokon inn med tvang høgare. Dette er ei anna lovendring enn den Jærbladet har omtala frå 2016, og som går på vilkåra for å kunne dømmast til tvungent psykisk helsevern gjennom rettsvesenet.
Etter 2017 er kravet at dei som skal leggjast inn med tvang manglar såkalla samtykkekompetanse. Både politiet og Norsk psykiatrisk forening har vore kritiske til denne endringa. Politiet meiner at det har ført til fleire i psykiatrioppdrag, medan Norsk psykiatrisk forening meiner at sjuke nå må bli sjukare før dei får hjelp, og at dei vert skrivne ut for fort.
Dette blir understreka blant anna i ein artikkel i VG.
Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) uttalte til avisa at regjeringa kjem til å evaluera denne lovendringa frå 2017 i samband med arbeidet med ein ny lov om tvangsbegrensing. Denne har høyringsfrist måndag 8. november.
Dette er ein viktig diskusjon. Det er likevel på sin plass å understreka at denne debatten skil seg noko frå problemstillinga som Jærbladet har fokus på i denne dokumentarserien.
Dei sakene som Jærbladet tek føre seg, og som finn stad i det me vel å kalla «Det lovtomme rommet», handlar enkelt forklart om personar som er for sjuke for fengsel, og som heller ikkje gjer lovbrot som er alvorlege nok til å bli overført til tvungent psykisk helsevern.
Som me viser i denne serien, er det mange personar som går inn i den kategorien.