Gå til sidens hovedinnhold

Bane Nor skal sjå om det er mogleg å leggja noko av Jærbanen ut i Frøylandsvatnet

Dobbelsporet gjer at ein del av Klepp stasjon kan bli lagt ut i Frøylandsvatnet.

For abonnentar

Bane Nor skal no i gang med å sjekka grunnforholda i Frøylandsvatnet. Planen er grunnboringar på tre forskjellige område på vestsida av vatnet.

Lager hol på 25 til 30 meter

– Utgangspunktet er at me ønskjer å behalda Klepp stasjon der han er i dag. Men me tykkjer det er greitt å få ei oversikt over korleis det ser ut i Frøylandsvatnet, dersom me på eit tidspunkt skulle enda opp med å leggja Klepp stasjon noko ut i vatnet, seier Erik Pascal Johansen, prosjektsjef for dobbelsporet i Bane Nor.

Årsaka til at det kan bli naudsynt å gå litt ut i Frøylandsvatnet er først og fremst at det går ein gangsti langs vatnet i dag.

Fakta om Jærbanen og dobbeltspor

Historikk: Opna som smalspora bane i 1878 og gav framvekst til ei rekkje stasjonsbyar på Jæren. Fekk normalspor i 1944, vart elektrifisert i 1956. Dobbeltsporet mellom Sandnes og Stavanger opna i 2009.

Behov: Ifølgje planprogrammet for dobbeltsporet, har Jærbanen «en høy grad av utnytting og er derfor høyt belastet». Kapasiteten på banen som blir brukt til pendlartrafikk (jobb- og skulereiser), fritidsreiser og godstrafikk, er nær fullt utnytta.

Konsept: Dobbeltsporet til Nærbø ligg til grunn for «Konseptsutvalsutredning for Transportsystemet på Jæren», vedtatt i 2013. Ein silingsrapport vart levert i 2016, som konkluderte at Jærbanen skal utviklast som lokalbane (160 km/t) og behalda dagens stasjonar.

Finansiering: Til planavklaring for dobbeltspor til Nærbø er det i gjeldande Nasjonal transportplan (NTP) 2018–2029 sett av 30 millionar i perioden fram til 2023, og ytterlegare 120 millionar i perioden 2024–2029.

Kostnad: Over 15 milliardar, ifølgje Bane Nor og Jernbanedirektoratet.

Framdrift: Ein ferdig kommunedelplan er venta i 2023: «Det er sannsynlig at det vil bli et tidsopphold av lengre varighet mellom denne planleggingsfasen og fasen for detalj- og reguleringsplanlegging», står det prosjektets nettside.

Les også

Knusande melding: Dobbeltsporet til Nærbø er eit av dei minst lønsame jernbaneprosjekta i landet

– Om det nye sporet gjer at det ikkje lenger er plass til gangstien, må gangstien flyttast litt ut i vatnet og det må fyllast opp noko i Frøylandsvatnet, forklarer prosjektsjefen.

Planen er laga prøvepunkt ut frå Klepp stasjon, cirka 50 til 100 meter ut i vatnet. Det vil også bli tatt prøvar av grunnforholda i Frøylandsvatnet i område som ligg nord og sør for Klepp stasjon.

Borehola vil ha ein diameter på fem centimeter og vera mellom 25 og 30 meter djupe. Bane Nor reknar med at arbeida i Frøylandsvatnet vil koma i gang i slutten av oktober/begynninga av november.

Grunnundersøkingane i vatnet vil skje ved hjelp av ein borerigg, som blir plassert på ein lekter/liten båt.

Gode resultat av grunnprøvane

Rogaland fylkeskommune har fått varsel om grunnundersøkingane i Frøylandsvatnet og har sagt ja, under visse vilkår.

– Mellom anna blei det vist til at boreundersøkingane ikkje må ha negativ påverknad på førekomsten av Mjukt havfruegras, som veks i Frøylandsvatnet og blømer i august. Førekomsten vil ikkje bli ramma når grunnundersøkingane startar såpass seint på året, seier Erik Pascal Johansen.

Romerike Grunnboring AS utfører grunnundersøkingane for bygginga av dobbelsporet på vegner av Bane Nor. Grunnundersøkingane i samband med det planlagde dobbelsporet starta sør for Nærbø i august.

– Grunnundersøkingane blir i hovudsak gjort langs dagens jernbanespor. No har dei laga cirka 150 av omtrent 200 punkt og arbeidd seg nordover fram til Ganddal. Resultata av grunnundersøkingane er viktige for prosjektet og gode. Det er stort sett morene og stein- og sandgrunn, fortel Erik Pascal Johansen, prosjektsjef for dobbelsporet.

Det er ikkje avgjort nøyaktig kor det planlagde dobbelsporet skal gå. Men planen er at det nye jernbanesporet skal gå i nærleiken av dagens. Samstundes påpeikar Bane Nor at alle tre alternativa frå planprogrammet skal greiast ut på same nivået.

Kraftig passasjervekst

Den kraftige passasjerveksten på Jærbanen er årsaka til at Bane Nor har fått i oppdrag å planleggja dobbelspor mellom Skeiane i Sandnes og Nærbø.

– Jærbanen er ein suksesshistorie, og saman med andre kollektivsystem fungerer dette veldig bra, seier Erik Pascal Johansen.

Les også

Henter inn nye mannskaper for å styrke planleggingen av dobbeltsporet regjeringa ikke prioriterer

Les også

Bane Nor vil heller ha «jomfruelig» jord enn internett. Telia ristar på hovudet