Jæren Arena skulle kosta 150 millionar og ha plass til 8.419 tilskodarar, med moglegheit til å utvida kapasiteten til 10.617.

I 2007 laga Jærconsult eit notat som la til grunn at 600 tilskodarar ville nytta toget fram og tilbake, til 40 kampar.

48.000 togreiser i året er ikkje mykje, kommenterer Bane Nor: stasjonen på Bryne hadde i 2019 23 gongar så mange reisande.

Stadionet på Håland vart som kjent heller aldri bygt. I staden kom Plantasjen og Biltema på tomta, som er bilbaserte verksemder.

Bane Nor meiner at eit stopp på Håland ikkje er samfunnsøkonomisk forsvarleg, og ønsker ikkje å inkludera det i sitt forslag til kommunedelplan for dobbeltsporet Sandnes–Nærbø.

Kommunedirektøren og formannskapet støttar den vurderinga. Grunnane er fleire:

  • Prisen: ein togstopp kostar normalt 200 til 300 millionar kroner.
  • Areal: nyleg etablerte verksemder for handel og industri måtte ha flytta.
  • Dobbeltsporet: eit nytt togstopp aukar reisetida og kostnadene, som gjer prosjektet (endå) mindre lønsamt.

Ifølgje utrekningar frå Bane Nor og Jernbanedirektoratet, er dobbeltsporet til Nærbø eit av dei minst samfunnsmessing lønsame jernbaneprosjekta som er under planlegging i landet.

Time kommune ser det ikkje formålstenleg at det vert planlagt ny togstopp på Håland i samband med pågåande planlegging av dobbeltsporet.

Vedtak i Time formannskap

Bru over togsporet

Avstanden mellom Håland og Bryne er 1,6 kilometer. Det er ikkje mykje, kommenterer Bane Nor, for eit system som er meint å frakta folk mellom byar og større byområde.

Med ei bru i søre enden av Bryne stasjon, som Bane Nor arbeider konkret med, blir avstanden redusert med ytterlegare 300 meter.

– Det er positivt at mange tar toget, men det er ikkje ønskeleg med kø på plattforma. Blant anna er det mange elevar ved Bryne vidaregåande skule som tar toget. For å avlasta dagens utgang, er denne brua føreslått. Brua kan også vera aktuell å bruka for besøkande til Bryne stadion samt bebuarar i retning Eivindsholen, skriv prosjekteringsleiar Börje Karlsson i ein e-post til Jærbladet.

Skissa er eit førsteutkast, påpeikar Karlsson, sidan det er eit stykke igjen til eit ferdig planforslag.