Bekymra foreldre tek kontakt med skulane: – Er det trygt å senda ungane aleine til skulen?

NÆR SKOLEN: Politiet sperra tysdag av eit område like ved Lye skule.

NÆR SKOLEN: Politiet sperra tysdag av eit område like ved Lye skule. Foto:

Overgrepssaka på Lye skapar frykt blant foreldre. Skulane går nå ut med tips og råd.

DEL

Skular i Time har onsdag sendt ut informasjon til foreldre i kjølvatnet av at ei jente i barneskulealder skal ha blitt utsett for eit overgrep på veg heim frå Lye skule tysdag.

– Dette er ei sak som kan skapa frykt hjå mange. Det er viktig at de som føresette opptrer som trygge vaksne i denne situasjonen, og snakkar med barna om det som har skjedd på ein god måte, skriv leiinga ved skulane.

Foreldre har tatt kontakt

Dersom føresette ønskjer råd om korleis ein kan snakka med ungane om dette, kan dei ta kontakt med helsestasjonen på Bryne.

Helsesjukepleiarane på skulane er også tilgjengelege for dei elevane som har behov for å snakka med nokon på skulen.

Skulane opplyser også om at mange foreldre har spurt om det er trygt å la elevane gå åleine til skulen.

– Om nokre av barna kjenner seg utrygge, kan det vera lurt å gjera avtale med andre foreldre, slik at dei kan gå saman i grupper, blir det tilrådd i informasjonsbrevet.

Politiet på skulen

Onsdag morgon vart ein annleis skuledag for elevar ved skulane på Lye. Politiet var innom begge skulane og snakka med elevane frå 5. til 10. trinn.

– Politiet har i dag vore i klassane og informert om at dei treng elevane si hjelp, opplyser Lye-skulane på sine heimesider.

Skulane lovar vidare å halda foreldre informerte viss det blir sett i verk nye tiltak.

Artikkeltags