01.40 fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrt ut av Gudmestadvegen på Nærbø. Vitne har observert folk springande frå staden.
Politiet melder vidare på Twitter at det er mykje som tyder på at bileigar har køyrt bilen.
– Han framstår som påverka og blir framstilt for lege for nødvendige prøver, seier meldinga vidare.
Føraren var aleine i bilen og ingen andre skal vera involverte i uhellet. Det er ikkje meldt om personskade, men bilen er totalvrak.
Politiet har oppretta sak.