Lobekk seier seg godt nøgd med ein auke i inntektene, som har gått frå drygt 150 millionar i 2020 til over 226 millionar kroner i 2021. Bedrifta tener også pengar. Årsresultatet blei i fjor på 54,2 millionar kroner, opp frå 49,9 millionar året før.
– Me er nøgde med tala, trass utfordringane som er i marknaden. Lønsam drift er med og tryggjer arbeidsplassane, noko som gir rom for vidare satsing og investering i framtida, fastslår Lobekk.

Børre (34) skal gjera plass til fleire som Steffen (21). Derfor Nordic Steel bygger ny fabrikkbygning etter berre to år på Håland
Fleire bein å stå på
Nordic Steel er oppteken av å ha fleire bein å stå på. Verksemda leverer produkt til bygg og anlegg, olje og gass, samferdsel, infrastruktur fornybar energi og akvakultur.
- I 2021 fekk me tillit på både Salmon Evolution (akva), Doggerbank (fornybar energi) og kabeltunell i Oslo for Statnett (samferdsel). På slike prosjekt får me nytta mykje av kompetansen me har, noko som er positivt for både kundane og oss, kommenterer Lobekk.
Konsernsjefen seier at den sterke veksten i fjor, er i tråd med Nordic Steel sitt mål om lønnsam vekst.
– Kvar dag handlar det om å levera god service og kvalitet til kundane våre. Dette blir verdsett, og stadig fleire ser nytta av å ha oss som samarbeidspartnar, svarer 34-åringen.
Han seier at dei i 2022 vil halda fram med å investera i både drifta og dei tilsette, slik at dei kan veksa vidare saman med kundane sine.
– Kva er dei største utfordringane?
– Utfordringane akkurat no er areal, difor byggjer me nytt bygg. Høge straumprisar er ein annan faktor. Vår bransje er ganske energikrevjande, og me merker godt at straumen kostar meir.
Gjev pris til Bryne-bedrift: – En inspirasjon til å fortsette jobben med å være Norges grønneste stålsenter
– Meir av det me er gode på
Nordic Steel har ganske nøyaktig 100 tilsette. Arbeidet med nybygget som blir reist på nabotomta på Håland ved Bryne, går etter planen. Lobekk seier at dei gler seg til å ta bygget i bruk.
Konsernsjefen ved Nordic Steel har som mål å veksa vidare.
– Så mykje som 50 prosent organisk vekst er nok litt mykje å håpa på, men me har klare planar om å veksa vidare. Kvar dag held me fram med å jobba og utvikla oss vidare, då er det naturleg at me også skal veksa dei komande åra.
– Har de nokre nye planar?
– Planane våre er heile tida å gjera meir av det me er gode på, og investera i å byggja jærsk industri. Samstundes skal me ha det kjekt i lag, svarer konsernsjef Børre Lobekk.
Den nye verkstadhallen kjem på tomta mellom byggvarehandelen Neumann og Jæren Overflatebehandling og NOT Overflatebehandling.
Nybygget blir nesten like stort som hovudbygget, som har 3100 kvadratmeter med verkstad.