Brann i madrass ved helsesenter. Personar sett springande frå staden

Vitne oppdaga brennande madrassar like ved eit helsesenter på Varhaug natt til sundag.

DEL

Då politiet kom fram, låg det ein madrass på parkeringsplassen ved helsesenteret. Madrassen hadde tydelege brannskadar.

Det som var igjen av ulmande flammar vart sløkt.

Vitne hadde sett nokre ungdommar springa frå staden.

Politiet opplyser at dei ikkje kjenner identiteten til gjerningspersonane.

Brannen vart meldt på Twitter 00.20 natt til sundag.

Artikkeltags