Gå til sidens hovedinnhold

Brann i oppvaskmaskin

Natt til tysdag like etter 01.00 rykka Hå brannvesen ut til ein bebuar på Brusand som hadde ein oppvaskmaskin i brann. Brannen hadde vedkommande sløkka sjølv, men brannvesenet skulle kontrollera oppvaskmaskinen.

Like før 02.00 reiste Bryne brannstasjon til Pollestadmyra for å bistå innbyggjar med vatn i kjellaren.

03.47 rykka brannvesen frå Klepp brannstasjon ut til Nordsjøvegen for å bistå innbyggjar som hadde fått vatn i kjellaren.