Bustadbrann i Klepp – fem personar evakuerte

Like før klokka 04.30 tysdag morgon kom meldinga om brann i ein einebustad på Kjelvene i Klepp.

DEL

Det var mykje røyk på staden og fem personar blei evakuerte frå nærliggjande hus.

Lenge var det uklart kor personen som er folkeregistrert i det brennande huset oppheldt seg. Røykdykkarar gjekk gjennom huset fleire gonger utan funn, opplyser politiet.

Ved 06.00-tida opplyser politiet at det er gjort greie for kor denne personen er.

Brannvesenet driv no ettersløkking på staden. Hustaket er blitt rive for å få sløkt noko som ulmar.

Artikkeltags