Hus brann ned til grunnen: Ukjent brannårsak

LITE IGJEN: Slik så det ut på branntomta klokka 10.45 søndag morgen. Det er lite igjen av boligdelen av huset i Brautvegen på Erga.

LITE IGJEN: Slik så det ut på branntomta klokka 10.45 søndag morgen. Det er lite igjen av boligdelen av huset i Brautvegen på Erga. Foto:

Politiet held fram etterforskinga av husbrannen på Erga

DEL

Laurdag brann eit bustadhus i Brautvegen på Erga i Klepp ned til grunnen.

Huset var fullstendig overtent, og brannen kunne sjåast frå fleire kilometers avstand.

Eksplosjosjonsfare

Brannmannskap starta sløkkearbeidet rundt 18.30 lørdag kveld, men kunne ikkje avslutta før klokka 05.00 sundag morgon.

Bygningen som brann har ein verkstaddel, der det blant anna var oppbevart minst to gassflasker.

Grunna eksplosjonsfare vart det etablert ei sikringssone på 300 meter rundt eigedommen medan huset brann.

Blir etterforska

Politioverbetjent Arild Oftedal opplyser at saka vil bli etterforska.

– Me veit førebeld ikkje noko om brannårsaka, seier han.

Politiet fekk ikkje koma til branntomta, før alt var blitt heilt kaldt.


Artikkeltags