Rykte ut etter melding om «dogg og eit blinkande raudt lys» –mistenkte brann i blokk på Bryne

UTRYKKING: Naudetatane rykte ut etter varsel frå ein bebuar.

UTRYKKING: Naudetatane rykte ut etter varsel frå ein bebuar. Foto:

Tysdag morgon rykte naudetatane rykte ut til Serigstadkvartalet.

DEL

Klokka 06.53 rykte naudetatane ut til Vardheivegen 9. Blokka ligg langs jernbanesporet, i retning Sandtangen, og er ei av dei høgaste i Bryne sentrum.

Då Jærbladet prata med operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, like over klokka 07, var meldinga at naudetatane ikkje kunne observera røyk eller flammar.

Alle einingane i området vart deretter sjekka ut, før naudetatane rundt 07.30 kunne konstatera at det ikkje brann nokon stad.

Dogg og blinkande lys

Politiet veit ikkje kva det var som fekk ein bebuar til å ringja inn varsel om ein mogleg brann.

– Me veit rett og slett ikkje. Meldinga gjekk ut på at ei hadde sett eit dogg og eit blinkande raudt lys, men me fann ingenting. Ingen brann, seier operasjonsleiar Helene Strand.

Artikkeltags