Røykutvikling i Torgsenteret på Nærbø

Ein kortslutning i eit lysarmatur førte til full utrykking til Torgsenteret på Nærbø tysdag.

DEL

Brannvesenet rykka ut til Torggata 2 på Nærbø 10.35 tysdag etter at ein automatisk brannalarm var utløyst.

Då dei kom fram, var det røykutvikling i bygget og andre naudetatar vart varsla.

Per Ivar Aniksdal i Hå brannvesen opplyser at det heile viste seg å vera lite dramatisk.

– Det kom røyk frå ein lysarmatur i tilknyting til eit traforom i bygget, seier han og legg til at e-verket også var på plass for å sjekk ut eit tavlerom, men at det ikkje var noko feil her.


Artikkeltags