Brannmeisteren: Ikkje eit problem at brannbilen ikkje kjem rundt dette hjørnet

SYNFARING: Brannmeister Rune  Nedrebø (i midten), Daniel Mangersnes (bak) og Stian Anda ved leikeplassen der gangvegen får ein knekk, som hindrar utrykkingskøyretøy i å køyra lenger.

SYNFARING: Brannmeister Rune Nedrebø (i midten), Daniel Mangersnes (bak) og Stian Anda ved leikeplassen der gangvegen får ein knekk, som hindrar utrykkingskøyretøy i å køyra lenger. Foto:

Brannvesenet drog på synfaring etter oppslaget i Jærbladet, der eit sambuarpar fortalde om dårleg tilkomst for ambulanse.

DEL

Huset til Helene Dahle (29) og Annejenny Sommarsted (28) ligg langs ein gangveg på Eivindsholen på Bryne, i overkant av 100 meter frå bilvegen. Nyleg opplevde dei at ambulansen ikkje kunne køyra fram til døra, då det stod om livet til Annejenny.

– Du skal kunna bli redda viss du blir sjuk, eller viss det skulle begynna å brenna. Kjem ikkje ambulansen inntil huset, vil jo ikkje ein brannbil gjera det heller, sa Sommarsted til Jærbladet.

Onsdag ettermiddag tok brannmeister ved brannstasjonen på Bryne, Rune Nedrebø, tak i problemstillinga.

– Først tenkte eg at det dumt laga til, at det skulle vera så trongt at større køyretøy enn personbilar ikkje kjem igjennom. Men nå ser eg at vegen ikkje er laga som ein veg til å køyra på.

Bruker lange brannslangar

I ei ledig stund tok Nedrebø med seg brannbil med mannskap, til Eivindsholen. Han såg straks at sambuarparet ikkje hadde noko å frykta når det gjeld tilkomst for brannvesenet.

– Me har slangar, så det går fint å koma til her, forsikrar han.

Dersom det hadde brunne i huset til sambuarane, ville dei uansett ikkje parkert utanfor døra, sidan brannbilen må sikrast mot strålevarme.

LANGS VEGEN: Brannbilen har god nok tilkomst det oppstår brann i Gulaksvegen.

LANGS VEGEN: Brannbilen har god nok tilkomst det oppstår brann i Gulaksvegen. Foto:

Forstår ambulansen

Nedrebø tykkjer det er bra at det blir merksemd kring tilkomst for utrykkingskøyretøy, som er eit viktig tema ved utarbeiding av reguleringsplanar.

Sjølv om brannvesenet ikkje ville hatt problem på Eivindsholen, har brannmeisteren forståing for at ambulansen føretrekkjer å kunna køyra fram til døra.

– Di betre tilgang me har, di betre er det. Eg skjønner at det er greitt for ambulansen å koma nærmast mogleg, når noko skal berast og situasjonen er akutt, seier han.

Artikkeltags