Rykka ut til brann i bygning – fann sankthansbål

Laurdag kveld rykka naudetatane ut til Eivindsholen på Bryne.

DEL

22.19 rykka naudetatane ut til det som etter første melding dreidde seg om brann i ein bygning. Berre kort tid seinare var brannvesenet på plass, og kunne konstatera at brannen var eit sankthansbål tent éin dag for tidleg.

Jonsok, eller sankthansaftan, er ikkje før sundag 23. juni. Rogaland brann og redning (RBR) har i den samanhengen mint om det generelle bålforbodet som gjeld frå 15. april til 15. september.

Utandørs brenning, unntatt grilling og kaffebål, skal meldast til nødsentral brann før brenning. Det er den som tenner elden som er ansvarleg for brenninga. Bålbrenning kan meldast inn via RBR sine nettsider.

Artikkeltags