Braut opp vindauge og stal frå bustad i Hå

DEL

Like over klokka 13 tysdag, fekk Sør-Vest politidistrikt melding om innbrot i ein bustad på Vigrestad.

Eit vindauge er brote opp, og det er stole elektrisk utstyr. Politiet har vore på staden og har oppretta sak.

Ifølgje opplysningane frå politiet, skal innbrotet ha skjedd i løpet av det siste døgnet.

Artikkeltags