I to-tida fredag ettermiddag skriv Hå kommune i ei melding til Jærbladet at det har vore eit brot på vassleidningen til Vigrestad og Brusand. Leidningsbrotet kan leia til at mange mistar vatnet, ifølge kommunen, som også har omtalt hendinga på si facebookside.
Driftsleiar Roger Holen bemannar vakttelefonen i Hå. I halv fire-tida reknar han med at situsjonen er tilbake til normalen om éin time.
– Det er kommunen sjølv som har greve og vore uheldig. Det er hovudvassleidningen frå høgdebassenget på Håland, som går mot Vigrestad og Brusand, som me har vore uheldige å grava av, seier han.
Han forklarer at uhellet skjedde mens kommunen arbeidde med å bygga nytt ventilkammer til eit nytt høgdebasseng som skal koma.
Hell i uhell
Roger Holen seier i halv fire-tida at feilen nå er fiksa, og at kommunen arbeider med å kopla på vatnet att.
Tidspunktet leidningsbrotet skjedde på var gunstig, fortel han til Jærbadet. Fredag ettermiddag var det relativt lite forbruk av vatn, som gjorde at færre husstandar enn venta vart påverka av hendinga.
– Slik det ser ut nå, snakkar me om maks ti–tolv husstandar. Me trudde det skulle bli fleire. Me greier å fôra vatnet via andre vegar når forbruket er så lågt, seier han.
– Litt hell i uhell, altså?
– Skikkeleg hell i uhell. Nå har me skjøtt leidningen, held på å grava igjen og begynt å spyla vassleidningen. Eg reknar med at me er tilbake i normal drift innan éin time.
Klokka 17 oppdaterer Roger Holen, på Facebook-sida til kommunen, at alle husstandane skal ha fått tilbake vatnet.
Folk kan likevel oppleva at det kjem brunt vatn i kranen ei stund framover. Då er rådet å la vatnet renna.