Gå til sidens hovedinnhold

– Bruk munnbind på offentleg transport

Hald deg mest mogleg heime, begrens talet på nærkontaktar, og bruk munnbind på offentleg transport, er bodskapen frå kommuneoverlegane på Jæren.

Kommuneoverlegane i Time, Klepp, Hå og Gjesdal ber folk om å følga dei nye smitteverntiltaka som regjeringa innførte førre veke.

Sjølv om det ikkje vert innført lokale påbod i dei fire kommunane i denne omgang, anbefaler dei alle om å bruka munnbind på offentleg transport.

– Slik situasjonen er nå anbefaler me å bruka munnbind på offentleg transport, og ved reiser med taxi. Dette er spesielt viktig i situasjonar der ein ikkje klarar å halda éin meter avstand til andre, for eksempel slik det kan vera i rushtida, seier kommuneoverlege i Hå, Gerd Signy Omland, i ei felles pressemelding frå dei fire kommunane,

Ho presiserer at anbefalinga ikkje gjeld barn under 12 år eller personar som av medisinske årsaker ikkje kan bruka munnbind. Anbefalinga om å bruka munnbind gjeld heller ikkje for ungdomsskuleelevar som har skuleskyss til/frå skulen. Barn under 2 år skal ikkje under nokon omstendigheiter bruka munnbind.

Anbefalinga gjeld frå tysdag 10. november.

Les også

Smittesituasjonen: Hvor langt unna er vi lokale påbud?

Følg dei nasjonale smittevernreglane

Sjølv om kommuneoverlegane nå anbefaler bruk av munnbind på offentleg transport, seier dei at det ikkje er aktuelt med lokale påbod.

– Regjeringa har innført kraftige tiltak, og det er viktig at alle på Jæren følger dei smittevernreglane som gjeld no. Hald deg mest mogleg heime og begrens antall nærkontaktar. Når du er utanfor heimen skal du halda avstand til andre. Om me klarer å halda nede smittetalla her på Jæren, slepp me å setta inn lokale påbod, seier kommuneoverlege i Time, Øystein Øgaard.

Kommuneoverlege i Klepp, Roman Benz, understrekar at dei har tett dialog med dei større kommunane i regionen som allereie har innført lokale påbod.

– Me har god dialog med kommunane på Nord-Jæren, og me vil sjølvsagt setta inn liknande påbod om det vert nødvendig her også. Slik smittesituasjonen er i våre kommunar vurderer me at det viktigaste innbyggarane på Jæren kan gjera, er å følga dei nasjonale reglane for smittevern og i tillegg bruka munnbind på offentleg transport, seier han.

Les også

Slik er smittetiltakene på Nord-Jæren

– Viktig at alle har fokus på smittevern

Samanlikna med Nord-Jæren er det ikkje like mykje smitte i dei fire kommunane, og behovet for lokale påbod er derfor ikkje like stort.

- Smittetrykket i Time, Klepp, Hå og Gjesdal er lågare enn det me i dag ser i byane på Nord-Jæren, og det er derfor ikkje det same behovet for lokale påbod. I tida framover er det viktig at alle har fokus på smittevern, og at me saman gjer det me kan for å begrensa smitten, seier kommuneoverlege i Gjesdal, Hans Petter Torvik.