I oktober fekk Bryne FK ei gladmelding å byggja vidare på

JUBEL: Sander Ystanes og resten av brynespelarane feirar sigeren over Nardo, som la grunnlaget for spel i 2. divisjon neste sesong. Utanfor banen er det også framgang, melder klubblisensnemnda.

JUBEL: Sander Ystanes og resten av brynespelarane feirar sigeren over Nardo, som la grunnlaget for spel i 2. divisjon neste sesong. Utanfor banen er det også framgang, melder klubblisensnemnda. Foto:

Bryne FK på god veg mot ein sunn klubbøkonomi.

DEL

I oktober la Norges fotballforbund (NFF) fram rekneskapstala for første halvdel av 2019. Fire klubbar i PostNord-ligaen, det vil seia andre 2. divisjon, hamna i raud kategori.

Kort tid før Brynes avgjerande kamp mot Nardo, fekk bortelaget beskjed om at dei ikkje hadde innfridd delmål i to forskjellige økonomiplanar. Klubblisensnemnda trakk to poeng frå Brynes motstandar, som dermed igjen hadde noko å spela for, i ein kamp som enda med brynesiger.

I tillegg til Nardo, er Brynes neste motstandar, Levanger, hamna i raud sone. Det same er PostNord-kollegaane Moss og Senja.

Sunnare drift

Sjølv om poengfangsten har vore mager for Bryne, har ikkje poengtap vore noko å frykta. Medan dei sportslege prestasjonane til Bryne er gått tilbake denne sesongen, har klubbøkonomien halde fram med å styrkja seg.

– Det er svært gledeleg at me nå er nær grøn sone i det finansielle oppfølgingssystemet. Dette viser at me er på rett veg. Me mangla marginale 1,25 poeng ved førre måling, seier dagleg leiar i Bryne FK, Asle Tjøtta, i ei pressemelding.

– Det er viktig at klubben held fram med å byggja ei økonomisk plattform som ber seg, presiserer han.

Artikkeltags