Andre runde i cupen for menn var akkurat ferdig då Brynes neste motstandar skulle trekkast. Bryne er eitt av 32 lag som er vidare til tredje runde, etter å ha slått Vidar 3–1 på Lassa stadion.

Bryne sitt nummer (3) var aller sist opp av bollen, i trekkinga.

I 16. og siste par, trakk keepertrenar i Lillestrøm SK, Jon Knudsen, nummeret 27. Det betyr at Bryne FK skal til Tromsø, der dei skal møta andredivisjonslaget Tromsdalen.

Heile oppsettet:

Byåsen – Sandefjord, Kjelsås – Skeid, Moss – Start, KFUM Oslo – Sogndal, Jerv – Odd, Sotra – Haugesund, Vålerenga – Bodø/Glimt, HamKam – Tromsø, Sandnes Ulf – Rosenborg, Viking – Kristiansund, Ull/Kisa – Ranheim, Gjøvik-Lyn – Stabæk, Eidsvold Turn – Molde, Brann – Fredrikstad, Lillestrøm – Aalesund, Tromsdalen – Bryne.

Kampane skal spelast onsdag og torsdag i neste veke, men Bryne sin kamp skal spelast torsdag 11. august. Det er grunna kampoppsettet til Bryne og Tromsdalen. Bryne kan ikkje spela kampen på onsdag på grunn av serieoppgjeret mot Stjørdals-Blink på måndag, mens Tromsdalen-spelarane har sommarferie frå torsdag 30. juni.

Same kveld vart kvartfinalane for kvinner, trekte. Dei skal spelast slik:

Kolbotn – Lyn, Brann – LSK Kvinner, Stabæk – Avaldsnes, Rosenborg – Vålerenga

Kampfakta

Vidar - Bryne 1-3 (0-0)

Mål: 0-1 Sigurd Grønli (58), 0-2 Sigurd Grønli (str. 82), 1-2 Jacob Jørgensen (90+1), 1-3 Jørgen Voilås (90+4)

2. runde fotball-NM menn - Lassa stadion, 22. juni

Dommer: Aleksander Skjold Vermundsen, Kopervik IL

Gult kort: Bjarne Langeland, Bryne, ett til Vidar

Tilskuere: ca. 300

Bryne (3-5-2): Igor Spiridonov - Christian Røer (Rogvi Baldvinsson fra 46.), Sondre Norheim, Bjarne Langeland - Daniel Hermansson (Pål Aamodt fra 46.) Andreas Dybevik, Henning Romslo, Sigurd Grønli (Jørgen Voilås fra 83.), Oliver Rotihaug - Robert Undheim, Arne Gunnes (Sixten Jensen fra 72.)

Ikke benyttet: Elias Hadaya, Marius Andersen, Vegard Aasen og Albert Braut Tjåland